Krig Plukking av sopp og kamera For tida trekkjer soppsankarane ut i skogen. Andre leitar etter skattar – til detektoren blir konfiskert. Andre igjen lever i luksus.
Reportasje Parksjakk Frå eg sette beina mine i Ukraina, vart eg dregen mot parkane, fyrst i Lviv og så i Kyiv. Berre her kunne eg som utlending samrøda med krigstrøytte ukrainarar som likemann.
Utanriks Politisk sprengkraft Utanriks: For nesten tre år sidan gjekk sprengladningar av på Nord Stream 1 og 2. No skal tyske etterforskarar ha identifisert alle dei involverte, og etter kvart som namna blir avslørte, blir saka stadig meir politisk betent.
Kommentar I Halvor Tjønn Kreften i det ukrainske samfunnet Volodymyr Zelenskyj blei vald til president i Ukraina for å avskaffa korrupsjonen. Seks år seinare er landet framleis korrupt.
Ukraina I Andrej Kurkov Val i skodda Dagens nyhende dementerer gårdagens nyhende. Det inneber at dagens nyhende kan dementerast i morgon.
Reportasje I William Sem Fure Silkevegen vestover GEORGIA: Den nye georgiske regjeringa dreg landet mot Russland. For vanlege folk verkar ikkje draumen om EU som eit ekte alternativ.
Kommentar I Per Anders Todal Ein verdsdel som andre I over hundre år kunne europearane tru at USA ville stille opp for å forsvare demokratiet. Kva no?
Utanriks I Andrej Kurkov Amerikanske politikarar burde ha vore førebudde på så vel antrekket til Zelenskyj som bodskapen hans. I Canada har dei byrja kalle ein «americano»-kaffi for ein «canadiano», men i Ukraina har ikkje dette tiltaket fått feste.
Kommentar I Halvor Tjønn Amerikansk diktat i Ukraina Donald Trump ser ut til å få Ukraina og Russland til forhandlingsbordet – på sine premissar.
Utanriks I Per Anders Todal Stoffa som held hjula i gang Interessa til Trump for mineralressursane i Ukraina handlar meir om strategi enn om økonomi, meiner seniorforskar Arne Petter Ratvik.
Krigen i Ukraina I Eva Aalberg Undheim Spel om fred – Eg trur ikkje Trump veit kva aktør han har med å gjere i Putin, seier forskar Karen-Anna Eggen ved Institutt for forsvarsstudium.
Krig Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.
Om Noreg gjev 105 milliardar til Ukraina neste år, aukar sjansen for å halde Trump inne på laget, meiner Guri Melby.
Intervju Nato-toppen som sa det han tenkte Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
Krig Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Krig Møll, kakerlakkar og ein «nobelpris» Dei målretta missilåtaka på journalistar og offentlege figurar i Ukraina syner at tradisjonane frå KGB lever i Russland.
Ein krig der alle taper, ein fred ingen vil like Verken Russland eller Ukraina kan vinne krigen i overskodeleg framtid. Likevel snakkar knapt nokon om våpenkvile.
Krigen i Ukraina I Svein Gjerdåker Bønder i krigstid UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.
Krig I Andrej Kurkov Ukrainsk sol og russisk opposisjon Denne våren har ein ny tradisjon oppstått i Odesa. Stadig fleire innbyggjarar går ut mot sjøen tidleg om morgonen før grålysinga og helsar dagen som renn. Dei prisar dei første strålane til morgonsola.
Krig Klovnar i kamp Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.
Fred i Ukraina Hva er sannsynligheten for at Russland skal gå til nye erobringer som kan true Vestens trygghet?
Krig Bananane som overlevde I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.
Kommentar Kyrkja i Russland til heilag krig Den russisk-ortodokse kyrkja har utforma eit program for å omdanna Russland til ein religiøs diktaturstat. Middelet som kyrkja vil ta i bruk for å nå målet, er krig.
Krig Krig, gambling og dronar Dei seinaste månadene har det dukka opp mange annonsar for nettkasino på kanalar som sender nyhende frå fronten. Av og til melder kasinoselskapa kor mykje pengar dei har gjeve til det ukrainske militæret til kjøp av dronar.
Krig Traktorar og forrædarar I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Kommentar Val for å hylla eit diktatur Denne helga går veljarane i Russland til urnene for å stadfesta makta til diktatoren Vladimir Putin. For 35 år sidan var landet på vegen mot demokrati. Korleis kunne det gå så gale?
Krig Høyreapparat til ukrainske soldatar «Alle må slåst!» Dette kan ein høyre stadig oftare i Ukraina. Alvorlege handikap er inga hindring.
Krig Bøner for fred og gamle motorsyklar Ein motorsykkel kan overleve ved fronten i over to månader, medan levetida til ein bil er mellom 20 minutt og to veker, forklarer leiaren for «reparasjonsbataljonen».
Krig Invasjonen som gjennomsyrer alt Etter den russiske fullskalainvasjonen er ikkje ein einaste krok av Ukraina fri for stadige påminningar om aggresjonen.
Fransk overmot Ein viktig føresetnad for den vestlege militære støtta til Ukraina, er at ho ikkje skal involvera soldatar og troppestyrkar.
Krig Ti år med krig og ei Jesus-tatovering Kvifor markerer ikkje verda tiårsdagen for den russiske aggresjonen, men føretrekkjer å snakke om toårsdagen for den siste, fullskala fasen av konflikten?
Krig Ukrainsk vin og pressefridom Æraen til general Zaluzjnyj, øvstkommanderande i det ukrainske militæret, tok ein overraskande fredeleg slutt.
Putin går langt i å gje Polen skulda for andre verdskrigen Vladimir Putin hadde stroke til eksamen om han hadde framstilt Russlands historie slik han gjer i intervjuet med Tucker Carlson.
Ukrainarar på vent Ukrainske flyktningar i Noreg kan etter reglane i dag få permanent opphald etter åtte år. No vurderer regjeringa om dei skal måtte vente til det har gått ti år.
Kunst Når kunsten vert farleg Kva har eit augeblikksbilde på Instagram til felles med eit figurativt tresnitt på 1930-talet og ein vase som er laga for fleire tusen år sidan?
Krig Stormar og ledige jobbar I Ukraina er torevêr ikkje lenger eit reint naturfenomen. Det er det vêret russarane føretrekkjer for åtaka sine. Så snart skyer samlar seg i himmelen over Ukraina, flyg rakettar og dronar mot ukrainske byar og landsbyar.
Krig Eit nødvendig vonde? USA skal sende klaseammunisjon til Ukraina. Fleire land protesterer mot denne avgjerda, men både Russland og Ukraina har brukt klasevåpen sidan den fullskala invasjonen tok til.
Kommentar Ingen vil gje opp Krym Dei neste månadene kan Krym bli krigsskodeplass. Men er ei ukrainsk gjenerobring av Krym mogleg?
– Dei planlegg å gjere slutt på oss ein gong for alle Utdrag frå president Vladimir Putins tale til nasjonalforsamlinga i Moskva 21. februar 2023:
Krig Kyiv eitt år etter KYIV: – I midten av desember var vi 120 soldatar i kompaniet. Ti dagar seinare var vi 18. Dei andre vart anten drepne eller skadde, seier Roman, ein skadd korporal.
Kommentar Blind på eine auget Russiske soldatar og leigesoldatar står bak krigsbrotsverk i Ukraina. USA er knallhard i kritikken og vil ha skuldige straffa, men møter seg sjølv i døra.
Kommentar RAUDT MOT RøKLA Joakim Møllersen har kome i skade for å seia noko uhøyrt og trakka over grensa for det etisk tillatne i norsk ålmente.
Å vinna, eller ikkje berre tapa Skal Ukraina bli sett i stand til å vinna krigen? Eller er det nok at Ukraina ikkje taper? Det spørsmålet har lege under dragkampen i Nato rundt leveringa av vestlege stridsvogner.
Krig Er du god i hurtigsjakk? Di oftare representantar for dei ukrainske styresmaktene informerer om at det ikkje vil kome nye åtak frå Belarus, di meir engstelege er ukrainarane når dei ser mot den nordlege naboen sin.
Krig Ukraina ventar på Godot I ein situasjon som handlar om å overleve, har ikkje kultur førsteprioritet.
Bok Fedreland heimsøkt av katastrofar Victoria Belim skriv nært og personleg om å vende heim til den Ukrainske landsbygda.
Frå fredsnasjon til krigarstat Om praksis har vore så som så, har Sovjetunionen og Russland tradisjonelt framstilt seg sjølv som ein fredsnasjon. No har dei ein leiar som stadig trugar med atomkrig.
Krig Mitt hus – di festning? No er dei fleste psykiatriske sjukehusa i dei okkuperte områda stengde, evakuerte eller tekne av det russiske militæret.
Krig Med humor som våpen – Humor bidreg til å halda deg mentalt frisk i ekstreme situasjonar, seier forfattar Andrej Kurkov.
Krig Religiøs turisme og litterære stridar Hausten er her, og sjølv om krigen framleis rasar, kjem det hasidiske pilegrimar frå heile verda til Ukraina.
Aasen og dei intellektuelle i Zaporizjzja Tidleg på nittitalet la eg ut på ei reise gjennom fleire land eg aldri hadde vore i før. Sovjetunionen hadde nyleg gått i oppløysing, og område som til då hadde vore stengde, var no opne.
Kommentar Skitentøyet hengt ut av folkets tenar Ingen har kasta eit så grelt ljos over det ukrainske samfunnet som Volodymyr Zelenskyj sjølv. Paradoksalt nok er det grunnlaget for at folk har tillit til han.
Lang veg mot vest President Volodymyr Zelenskyj har fått heltestatus i Ukraina og Vesten. Men lite tyder på at han vil verte boren inn i EU på ei bølgje av velvilje.
Ei ukrainsk prinsesse og «gode russarar» For eit par dagar sidan bestemde eg meg endeleg for å registrere meg på TikTok. Ikkje berre fordi vener på Facebook i aukande grad diskuterer videoar dei har sett på TikTok, men først og fremst på grunn av ei ung blondine.
Krig Krig utan sigerherrar Krigen i Ukraina kan verte langvarig. Professor i statsvitskap Øyvind Østerud ser ulike vegar vidare, men berre éin som kan føre til fred.
Krig Vår i Ukraina med gin utan tonic Sidan sovjetæraen har kva kø som helst kunna bli eit nyhendebyrå for folket. Medan dei står i kø for å få kjøpt kjøt eller potetar, utvekslar håpefulle kjøparar nyhende, rykte og meiningar.
Kommentar Opprørstradisjonen lever i Ukraina Gjennom fleire hundreår utvikla Ukraina seg forskjellig frå Russland. Denne ulikskapen ligg bak den seige ukrainske motstanden mot invasjonsmakta.
Kommentar Habermas og den tyske ettertanken Jürgen Habermas har skrive ein viktig tekst om krigen i Ukraina og om korleis ein skal forstå situasjonen Vesten har hamna i. Som tyskar gjer han det naturlegvis med eit særskilt blikk på den rolla Tyskland bør spela.
Kommentar Krig og indignasjon Jürgen Habermas om meiningskampen mellom tidlegare pasifistar, ei sjokkert ålmente og ein avvegande forbundskanslar etter overfallet på Ukraina.
Utanriks Uønskt i Kyiv Tilhøvet mellom Tyskland og Ukraina nådde sist veke eit lågpunkt. Den tyske forbundspresidenten var ikkje velkomen i Kyiv.
Krig Ei soge om hanen Tosha og krigen Ikkje før hadde den russiske utanriksministeren Lavrov erklært at fase to i den russiske krigen mot Ukraina hadde byrja, så fall det fleire rakettar på dyrehagen i Mykolaiv. To av dei råka bisoninnhegninga – utan å eksplodere.
Den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar Eg er sikker på at verkeleg suverenitet for Ukraina berre er mogleg i partnarskap med Russland, skriv Vladimir Putin i denne artikkelen, som vart lagd ut på Kremls nettsider 12. juli 2021.
Utanriks Eit forsvar for erobring Vladimir Putin leverte i fjor eit ideologisk forsvar for krigen som går føre seg no.
Musikk Gedigen digital dugnad Kulturprodusentar på den uavhengige digitale plattforma Itch.io går saman om å støtte offer for invasjonen av Ukraina.