Krig
Religiøs turisme og litterære stridar
Hausten er her, og sjølv om krigen framleis rasar, kjem det hasidiske pilegrimar frå heile verda til Ukraina.
Brannmannskap i Uman freistar sløkkje ein brann som ein russisk rakett starta etter at han blei skoten ned av ukrainsk luftvern 8. august. No ottast lokale og nasjonale styresmakter i Ukraina innrykk av hasidiske jødar som skal be ved grava til rabbi Nachman.
Foto: Ukrainsk bergingsteneste / AFP
Kvart år i september vert innbyggjartalet i byen Uman i Tsjerkasy-regionen firedobla når hasidiske jødar strøymer til for å feire rosh hashana, jødisk nyttår. Dei legg pilegrimsferda til Uman fordi det er der ein av grunnleggjarane av hasidismen, rabbi Nachman av Breslov, er gravlagd. Han døydde i 1810 i Uman, og i samsvar med sitt eige ønske vart han jordfesta i den lokale jødiske gravplassen som ligg ved sida av gravene etter offera for Haidamak-massakren i 1768.
Om han ikkje sjølv hadde peika ut kvar han ønskte å verte gravlagd, ville oska hans vorte transportert til Jerusalem for lenge sidan, og Uman ville vore ein vanleg, stille provinsby i dag. Men takk vere grava til rabbi Nachman har byen lenge vore det viktigaste senteret for religiøs turisme i Ukraina. Ein betydeleg industri har utvikla seg kring feiringa av det jødiske nyåret, med transport, eigedomar, utleige av bustader og koschermatservering. Mange hasidiske jødar har kjøpt eigedom i Uman og driv sjølve med utleige.
Før krigen kom det mange charterfly frå Israel og USA til Kyiv på denne tida av året, og førehandsbestilte bussar stod og venta ved flyplassen, klare til å dra av stad med pilegrimane i retning Uman.
Feiringa av rosh hashana varar lenge – éin månad eller meir. I samarbeid med ukrainsk politi kom det òg israelske politifolk til Ukraina for å ha ein viss kontroll med åtferda til pilegrimane. Lokalt politi patruljerte gatene nøye for å hindre konfliktar mellom fastbuande og dei gjestande hasidane. Likevel, kvart år kom det til små konfliktar – det var mest ikkje til å unngå. Trass alt feira hasidane høglydt, med dans og song kvar natt.
Det verkar som dei liker Uman og kjenner seg heime der, trass i den tragiske historia frå tidlegare hundreår og minnet om pogromane, som indirekte er årsaka til at dei kjem.
I år, med krigen som bakgrunn, åtvara ukrainske så vel som israelske styresmakter hasidane mot å gjennomføre feiringa av rosh hashana i Uman. Faren for rakettåtak er svært reell, og det har ikkje vore sivil luftfart i Ukraina sidan krigen tok til, så det er ikkje råd å fly til Kyiv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.