– Dei planlegg å gjere slutt på oss ein gong for alle
Utdrag frå president Vladimir Putins tale til nasjonalforsamlinga i Moskva 21. februar 2023:
President Vladimir Putin heldt den årlege talen til nasjonalforsamlinga 21. februar 2023. Talen vart halden i Gostiny Dvor.
SPUTNIK
« Denne presidenttalen kjem, som vi alle veit, i ein vanskeleg og avgjerande periode for landet vårt. For eit år sidan, for å verne folket i våre historiske landområde, for å sikre tryggleiken til landet vårt og eliminere trugsmålet frå det nynazistiske regimet som hadde teke makta i Ukraina etter kuppet i 2014, vart det bestemt å setje i gang den militære spesialoperasjonen. Steg for steg, grundig og konsekvent, vil vi ta oss av dei oppgåvene som ligg framfor oss.
Sidan 2014 har folket i Donbass slåst for retten til å leve i landet sitt og tale morsmålet sitt. Dei slost og gav aldri opp – under blokade, konstant bombing og det openberre hatet frå regimet i Kiev. Dei vona og venta at Russland ville kome til hjelp.
I mellomtida, som de kjenner godt til, gjorde vi alt som stod i vår makt for å løyse problemet med fredelege middel og tolmodige samtalar om ei fredeleg løysing på denne øydeleggjande konflikten.
Denne skremmande bruken av løgn har vore prøvd og testa mange gonger tidlegare. Dei oppførte seg nett like skamlaust da dei øydela Jugoslavia, Irak, Libya og Syria. Dei vil aldri klare å vaske av seg denne skamma. Omgrepa ære, tillit og anstendigheit gjeld ikkje for dei.
Gjennom lange hundreår med kolonialisme, dominans og hegemoni vart dei vande med å få lov til alt, vart vande med å spytte på heile verda. Det har synt seg at dei handsamar folk i sine eigne land med den same forakta, som herre og meister. Når alt kjem til alt, laug dei kynisk til dei òg, narra dei med store forteljingar om arbeidet for fred, om å halde seg til Tryggingsrådets resolusjonar om Donbass. Dei vestlege elitane har sanneleg blitt eit symbol på totale, prinsipplause løgner.
Vi forsvarer fullt og fast interessene våre så vel som trua på at i dagens verd burde det ikkje vere noka splitting mellom såkalla siviliserte land og resten, og at det er eit behov for ærleg partnarskap som avviser all eksklusivitet, særleg ein aggressiv eksklusivitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.