Samfunn

Utan honning til Washington

I Canada har dei byrja kalle ein «americano»-kaffi for ein «canadiano», men i Ukraina har ikkje dette tiltaket fått feste.

Donald Trump baud Volodymyr Zelenskiyj inn til Det kvite huset i Washington 28. februar, rakka ned på han og kasta han på dør.
Publisert Sist oppdatert

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Lytt til artikkelen:

Ukrainarane drikk framleis americano, og til vanleg har ikkje oppmodingar om å innta ei antiamerikansk haldning etter det skandaløse møtet den ukrainske presidenten hadde i Det kvite huset, fått særleg støtte. Vane gjer at mange ukrainarar framleis ser på USA som sin viktigaste strategiske partnar. Dei kan ikkje førestille seg Ukraina under krigen utan amerikansk militærhjelp.

Blant dei ukrainarane som vart fortvila etter kranglinga i Det ovale kontoret, har dei negative kjenslene alt roa seg, men forvirringa og uvissa om framtida held seg.


I Russland, derimot,
var det feiring i kvar einaste fjernsynskanal av den offentlege audmjukinga av Zelenskyj i Washington. Og no feirar Russland fem Oscar dei fekk i Hollywood for filmen «Anora», der fleire russiske skodespelarar fortel historia om tilhøvet mellom ein amerikansk strippar og sonen til ein russisk oligark.

Det er ein månad sidan Russland slutta å kalle USA ein fiendestat. Kommentatorar seier ikkje lenger at «Russland slåst mot USA på ukrainsk territorium». Men russiske medium har blitt meir antieuropeiske, og EU sjølv blir ofte kalla «det fjerde riket».

Nyleg kalla ein familie frå Novosibirsk den nyfødde sonen sin for «Trump», eller meir nøyaktig «Trump Vladimirovitsj». Ironisk nok har far til den nyfødde Trump det same namnet som Putin. Kreml vonar at møtet mellom president Trump og Vladimir Putin snart vil finne stad. Og om det ikkje blir noko av, kan Trump seie at sjølv om han strekte seg langt for å møte Zelenskyj før han møtte Putin, kom det ikkje noko ut av det – underforstått var det Zelenskyj sin feil.


Om ein følgjer nøye med
på dei utanrikspolitiske aktivitetane til den nye amerikanske regjeringa, er det lett å sjå ein logisk samanheng mellom talen til Vance på tryggingskonferansen i München og Vances åtak på Zelenskyj i Washington. Eit nytt møte med president Trump kan berre kome etter ei enda større audmjuking av den ukrainske presidenten. Han må innrømme skuld og be om orsaking.

Gjennom antrekket sitt legg Zelenskyj konstant vekt på at han møter verdsleiarar som president for eit land i krig, og at desse møta har militær-politisk karakter og handlar om militære problem og finansiell hjelp til offeret for russisk aggresjon.

Men alt på Stanstead-flyplassen, før han forlét Storbritannia, sa Volodymyr Zelenskyj til ein BBC-journalist at han ikkje ser på seg sjølv som skuldig, og at han ikkje kjem til å orsake overfor president Trump og visepresident Vance.

Ein av klagane mot Zelenskyj frå amerikansk side galdt mangelen på «protokollert» antrekk. Han drog ikkje til Washington i dress og slips. Han drog, som alltid, i militær feltuniform. Og sjølv om mange republikanske kongressmedlemer kommenterte antrekket til den ukrainske presidenten som eit teikn på manglande respekt for president Trump, har mishaget til Trump og krinsen kring han med antrekket til Zelenskyj, andre grunnar.

Gjennom antrekket sitt legg Zelenskyj konstant vekt på at han møter verdsleiarar som president for eit land i krig, og at desse møta har militær-politisk karakter og handlar om militære problem og finansiell hjelp til offeret for russisk aggresjon. President Trump, på si side, hadde invitert Zelenskyj til eit forretningsmøte – for å underteikne ein forretningsavtale.

Somme er kan hende samde i at eit forretningsmøte krev at ein følgjer etiketten for forretningsantrekk. Men Zelenskyj har offentleg svore på at han ikkje skal ha på dress og slips før krigen er over, og kunne difor ikkje ha kome til møtet i Det kvite huset i formelt antrekk. Han kunne heller ikkje anna enn å snakke om krigen i Ukraina, slik han har gjort i kvart møte i over tre år.

Amerikanske politikarar burde ha vore førebudde på så vel antrekket til Zelenskyj som bodskapen hans. Det var ikkje noko uventa ved dette. Det einaste uventa var reaksjonen til president Trump og visepresident Vance.


Etter München-konferansen
og skandalen i Det ovale kontoret, verka EU splitta og usikre på neste steg. Det er framleis politisk støtte til Zelenskyj i europeiske land, men avgjerder om militær og økonomisk støtte blir i aukande grad påverka av land som er sympatisk innstilte til Den russiske føderasjonen: Ungarn og Slovakia.

Leslie og John Hertweck frå USA ser ukrainske soldatar i Kyiv bera kista med sonen deira, U.S. Marines-veteran og sanitetssoldat Ethan Hertweck, drepen av invasjonsstyrken til Vladimir Putin.

I nær framtid kan talet på EU-land som ikkje vil halde fram med å støtte Ukraina, auke. Denne tendensen var tydeleg for leiarane av Frankrike, Tyskland og andre land som var med på møtet i London. Dei ser det som uråd å oppnå fred utan amerikansk deltaking og oppmodar Zelenskyj om å orsake overfor Trump og vende attende til Washington for å skrive under avtalen om sjeldne jordartar. Utsiktene til å måtte støtte Ukraina utan USA har fått europeiske leiarar til å vurdere dei moglege kostnadene og skugge unna.

I Ukraina har skandalen i Det ovale kontoret fått president Zelenskyjs popularitet til å gå i vêret, og sjølv dei som alltid har kritisert han, har erklært støtte til den ukrainske presidenten. Dei oppfatta audmjukinga av Zelenskyj som ei audmjuking av Ukraina.

Faktisk var det nett det som skjedde. Trump og Vance snakka til Zelenskyj som om han ikkje representerte eit uavhengig land like stort som Frankrike, men var ein butikkeigar som står i vegen for bygginga av ein hovudveg mellom USA og Russland. Oppgåva til Trump og Putin er å rive denne butikken, slik at han ikkje er til skade for fornyinga av handel og anna forretningsverksemd mellom dei to landa.

Under det første offisielle møtet mellom dei russiske og amerikanske delegasjonane i Saudi-Arabia gav russiske representantar uttrykk for at dei igjen er klare til å ta imot amerikanske verksemder på territoriet til Den russiske føderasjonen. Ifølgje NBC News kom Russland med eit framlegg til avtale som ville gje USA visse rettar til sjeldne jordartar og metall i «dei nye regionane», det vil seie i dei okkuperte områda av Ukraina. Ein slik avtale ville legitimere okkupasjonen av ukrainske regionar så vel som alle seinare russiske okkupasjonar av naboland. Det ville dessutan auke faren for liknande aggressive handlingar frå andre autoritære statar mot naboane.


Den forsterka interessa
til Trump for sjeldne metall frå Ukraina og Russland er òg eit indirekte prov på at USA er budd på å miste forretningssamarbeidet med Taiwan. Med andre ord: USA vil ikkje forsvare Taiwan om Kina går til åtak. I samband med det første regjeringsmøtet til den nye amerikanske leiinga spurde ein journalist: «Vil USA forsvare Taiwan om Kina går til åtak på landet?» Trump nekta å svare klart. I staden kritiserte han journalisten for spørsmålet.

I Ukraina kom den sterkaste reaksjonen på den amerikanske behandlinga av Zelenskyj og Ukraina frå Oleg Gorokhovskyj, ein av grunnleggjarane av Monobank, den største nettbanken i Ukraina. Den same fredagskvelden kunngjorde han opprettinga av ein bankkonto til å samle gåver til kjøp av atomvåpen. Etter mindre enn éin dag var meir enn 500.000 dollar sett inn på denne kontoen, det meste frå innbyggjarar i Ukraina og USA. Seinare laut Gorokhovskyj forklare at han ikkje kunne kjøpe noko slags atomvåpen til det ukrainske militæret. Han overførte pengane til kjøp av dronar og humanitær hjelp til dei ukrainske styrkane.

Ukraina opplever ikkje nokon akutt mangel på våpen og ammunisjon, men det vantar luftvernmissil. Ved fronten er det så å seie ingen endringar. Russiske styrkar held fram med langsamt å vinne nye territorium i Donbas- og Kharkiv-regionane.

Ukrainsk militærpersonell, som elles var temmeleg skeptiske til Trumps «fred i byte for sjeldne jordartar», er sikre på at militære aksjonar ikkje vil ta slutt. Og no freistar russiske militæreiningar i aukande grad å angripe regionar der det ikkje har vore kampar i to år – områda Sumy og Tsjernihiv. Åtak frå det russiske militæret kan auke i styrkje dei komande månadene, når lauvverket tek til å kome og det blir lettare for fiendesoldatar å gøyme seg i skogane.


Den største sigeren
for det ukrainske militæret til no er å stogge framgangen til dei russiske styrkane i området kring byen Pokrovsk. Kampane held fram utan stans fleire kilometer frå byen. Dette skaper logistikkproblem, og soldatane manglar av og til ammunisjon. Nyleg, under kampar nær Pokrovsk, gjekk ukrainske soldatar tomme for granatar, og for å «røyke ut» russiske soldatar frå eit underjordisk festningsverk, kasta ukrainarane bikubar med biar inni ned i festningsverket, i staden for granatar. Denne kampen enda med siger for det ukrainske militæret, men ikkje utan tap av liv blant soldatar og ukrainske bier.

«Honning frå minefelt»-prosjektet er aktivt på andre året. Det er eit felles prosjekt mellom birøktarorganisasjonen og Dronarium Ukraina, eit treningsakademi for dronepilotar, med støtte frå Kernel, som er den største korneksportøren i landet, reklamebyrået Saatchi&Saatchi og det ukrainske utanriksdepartementet. Ved hjelp av dronar sår dei honningblomar på minefelt som ikkje kan ryddast, og set så opp bikubar langs kanten på minefelta.

Ukrainske diplomatar tek vanlegvis slik honning med seg til internasjonale møte som eit viktig symbol på dagens Ukraina. Det ser ut til at den ukrainske delegasjonen ikkje tok med seg denne honningen til Washington da avtalen om sjeldne jordmetall skulle underteiknast.

Men sjølv om ukrainske diplomatar hadde teke med seg «minefelthonning» som gåver til dei amerikanske leiarane, er det tvilsamt om utfallet hadde blitt annleis. Takk vere Trump er USA på veg attende til ein knallhard kapitalisme utan empati og truskap mot tidlegare godtekne normer for menneskerettar, miljøvern og rettssamfunn. Ukraina vil måtte tilpasse seg president Trumps USA, eller stå att utan amerikansk støtte i det heile. Det vil utan tvil leie til ei gradvis svekking av støtte frå andre internasjonale partnarar.


Slik «tilpassing»
til Trumps Amerika har alt teke til. Like før presidenten i USA talte til Kongressen natt til onsdag denne veka, fekk Zelenskyj sendt eit brev til Trump der han seier seg lei for at møtet på Det ovale kontoret gjekk som det gjekk, og melder at Zelenskyj no er klar til å underteikne kontrakt om sjeldne jordartar og metall. President Trump las opp dette brevet i hundreminuttstalen sin.

No kjem underteikninga til å sjå ut som ein endå større siger for profitt-før-alt anna-politikken til Trump, i det minste for tilhengjarane hans i Det republikanske partiet. Ein ny æra i det amerikansk-ukrainske sambandet gjer det kan hende naudsynt for Zelenskyj å byte ut Ukrainas ambassadør til USA, Oksana Markarova, med ein som er meir «fleksibel». Det vil i så fall vere ideelt og logisk å sende ein av oligarkane våre for å representere Ukraina i Washington. Men oligarkar syner sjeldan diplomatisk talent, som vi har sett i USA.

Omsett av Lasse H. Takle