Krig

Urovekkjande vårteikn i Ukraina

Mens amerikanarane og iranarane stengjer Hormuzsundet etter tur og Russland har fått mellombels fritak for sanksjonar, tek Ukraina i bruk dronar for å hindre at Russland tener pengar på oljehandel.

Ulike årstider, verder, redslar og voner møtest på gata i Kyiv 20 april, medan krigen går frå vinter- til sommarmodus.
Publisert Sist oppdatert

Ukrainske dronar har angripe russiske oljeterminalar ved Svartehavet og Austersjøen bortimot kvar natt. Russiske oljeplattformer i Kaspihavet har òg vorte utsette for kraftige droneåtak. Samtidig har russarane trappa opp åtaka mot ukrainske byar lenger unna fronten. Dei verkar som dei har sett seg føre å utslette dei busetjingane i Donbas som framleis er kontrollerte av Ukraina.

I det siste har også byane Tsjernihiv og Sumy i Nordaust-Ukraina vorte ramma av harde russiske droneåtak. Ukrainsk etterretningsteneste melder at russarane førebur seg på å gjennomføre sju omfattande drone- og missilåtak over heile Ukraina kvar månad.

Slike etterretningsrapportar vekkjer ikkje særleg interesse blant ukrainarane. Dei kombinerte drone- og missilåtaka blir akkompagnerte av dei same sirenene og dei same eksplosjonane som andre åtak vi har måtta venje oss til dei siste fire åra.

Kombinerte åtak fører rett nok til fleire skadde og drepne og større øydeleggingar, men for menneske som har opplevd så mykje tidlegare, utløyser nye raserte bygningar og industrianlegg verken fleire kjensler eller fleire tårer. Ukrainarane ventar seg ikkje anna enn død og øydelegging av denne krigen.

Derimot kjem kjenslene fram når det skjer noko vi ikkje er mentalt førebudde på. Ei slik hending oppstod i Kyiv i slutten av førre veke. Ein pensjonert militæroffiser, fødd i Moskva og tidlegare innrullert i Ukrainas hær, gjekk ut på gatene med ei automatrifle og byrja å skyte rundt seg. Først skaut drapsmannen folk på gata, deretter tok han gislar i ein supermarknad. Sju menneske vart drepne i åtaket, og fire ligg på intensivavdelinga.

Sjølv om psyken vår er herda av krig, gjer slike hendingar som skjer langt frå fronten, sterkt inntrykk. Sjokket vart endå større då det vart kjent at politifolka som kom til åstaden, ikkje gjorde noko for å stanse drapa, men rett og slett flykta og lèt skadde menneske, blant dei eit barn, liggje igjen på gata. Som følgje av dette har sjefen for det patruljerande politiet i Ukraina gått av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement