Krig
Klovnar i kamp
Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.
Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.
I det siste har ukrainarane hatt to ting i hovudet: den russiske offensiven i Kharkiv-regionen og framføringa av den ukrainske duetten i Eurovision Song Contest. Eurovision Song Contest er alt over. Ukraina vart nummer tre – og det var det. Offensiven til det russiske militæret i Kharkiv-regionen, derimot, held fram, sjølv om det i ukrainske massemedium er mindre informasjon om det som går føre seg ved fronten, enn om vinnarane og taparane i Melodi Grand Prix.
Sist fredag kveld åt vi middag med venene våre Vasilyj og Tatjana, og freista finne ut av planane våre for den nære framtida. Klokka åtte om kvelden fekk Vasilyj trong til å slå på fjernsynet.
«Vi burde følgje med på det som skjer i Kharkiv», sa han engsteleg. «Våre kanalar vil ikkje fortelje noko, lat oss sjå på BBC!»
Vi sat i sofaen framfor TV-en. BBC-journalisten, som rapporterte direkte frå Kharkiv, forklarte ganske detaljert om situasjonen i utkantane av byen og i regionen. Rapporten inneheldt kart som viste dei ukrainske landsbyane som sist vart erobra av russiske troppar, og nytt om den no øydelagde ukrainske grensebyen Kupjansk. Der var det 300 innbyggjarar att, medan russiske bombefly heldt fram med å sleppe dusinvis av store bomber kvar dag.
Røysta til kommentatoren høyrdest dramatisk ut, og pessimismen hans gjorde oss tungsindige. Vi såg ikkje på fleire nyhende, men vende attende til bordet og samtalen vår om den nære framtida.
Medan vi var heime hos Vasilyj og Tatjana, bestemde son vår Anton seg for å muntre seg sjølv med eit standup-show på Golden Gate-puben. Han fann ikkje mykje å le av. Enda det var fredagskveld, sat det berre ni menneske der, og Anton kunne ikkje hugse ein einaste vits som vart fortald av dei fire komikarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.