Krig

Mitt hus – di festning?

No er dei fleste psykiatriske sjukehusa i dei ­okkuperte områda stengde, evakuerte eller tekne av det russiske militæret.

Medan Russland bombarderte byen Bila Tserkva, berre 75 kilometer frå Kyiv, med iranske sjølvmordsdroner, fekk Kharkiv ein kjærkomen pause.
Medan Russland bombarderte byen Bila Tserkva, berre 75 kilometer frå Kyiv, med iranske sjølvmordsdroner, fekk Kharkiv ein kjærkomen pause.
Publisert

I republikken Tuva, som er heimlandet til den russiske forsvarsministeren Sjojgu, byter lokale styresmakter til seg menn for sauer. For kvar mobilisert mann mottek familien hans ein levande sau, mykje mjøl, poteter og kål, og – sjølvsagt – kol til å halde huset varmt om vinteren. Kol er naudsynt ettersom Russland ikkje har ført fram gass til dei som bur i Tuva eller dei mange andre regionane og autonome republikkane.

Mobiliseringa går langsamt, og dei som blir mobiliserte, klagar over at dei ikkje får uniformer, eller at maten er dårleg, eller at dei lyt overnatte på bakken sjølv om vinteren alt er på veg i somme regionar.

Nokre av dei som er mobiliserte til den russiske armeen, er alt ved fronten, der somme til og med er tekne til fange. Den lova militære opplæringa blei det ikkje noko av. I intervju som ukrainske journalistar har gjort med nyss fanga rekruttar, kjem det fram at krigsfangane er nøgde med at krigen enda så brått for dei. Dei fleste mobiliserte ønskjer ikkje å slåst, men dei hadde ikkje pengar nok til å dra til Georgia, Mongolia eller Kasakhstan.

Medan den ukrainske armeen har framgang i nokre delar av fronten, førebur den russiske armeen seg aktivt på forsvar. Kampstyrken til dei russiske armeane må ikkje undervurderast. Og Russland har framleis mykje meir artilleri og mange fleire stridsvogner og fly enn dei væpna styrkane til Ukraina.

I Luhansk-regionen fekk dei russiske militære ordre om å «kjempe til siste mann». Det er forbode å trekkje seg attende. Dei ser etter dei mest solide bygningane og bygningar som kjapt kan gjerast til festningar.

Ein slik plass synte seg å vere det regionale psykiatriske sjukehuskomplekset i byen Svatove: eit titals gamle låge bygningar på ei eller to høgder med tjukke murveggar og djupe kjellarrom. Før krigen var det over 500 pasientar her og 340 tilsette. For nokre dagar sidan kasta det russiske militæret pasientane ut saman med dei tilsette som var att, og byrja fylle det heile med ammunisjon og våpen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement