Frå fredsnasjon til krigarstat

Om praksis har vore så som så, har Sovjetunionen og Russland tradisjonelt framstilt seg sjølv som ein fredsnasjon. No har dei ein leiar som stadig trugar med atomkrig.

Publisert

Det er eit minne som sit djupt i meg: Saman med ein gjeng studentar frå Noreg kom eg til Moskva i slutten av februar 1975. Der blei me – som alle turistar på den tida – tekne imot av det statlege selskapet Intourist. Guiden Svetlana synte dei norske gjestane rundt i Moskva.

Når det ikkje var noko særskilt å visa fram, snakka ho om fred. Sovjetunionen var eit fredens land og ville berre fremja fred i verda, gjentok og gjentok Svetlana gjennom alle dei timane turen gjennom den sovjetiske hovudstaden varte.

Alt i åra rett etter krigen var den såkalla fredssaka blitt det fremste reklameskiltet for Sovjetunionen. Saman med forteljingar om eit entusiastisk folk som bygde sosialismen, var fredsbygging det mest verknadsfulle verktøyet i hendene på den sovjetiske propagandaen. Ikkje tilfeldig blei det litt ute på Leninskij prospekt i Moskva reist eit stort monument der det stod«CCCR oplot mira» – «Sovjetunionen, eit bolverk for fred». Til og med over den sovjetiske busettinga i Barentsburg på Svalbard blei det skrive på fjellet: «Miru Mir»– «Fred til verda».

Ville ikkje ha krig

Dette ropet på fred var sjølvsagt for ein stor del rein propaganda. Sovjetleiinga hadde ikkje noko problem med å senda soldatar og stridsvogner når folk i dei såkalla broderlanda freista å bryta ut av den sosialistiske leiren. Men fredssnakket handla også om rasjonell politikk.

Ingen kunne nekta for at sovjetfolket hadde lide mykje meir enn dei fleste andre under krigen. Stalin ynskte ikkje ein ny øydeleggjande krig, som i tilfelle ville vore mot Vesten. Mot slutten av den andre verdskrigen hadde han lagt under seg halve Europa. Ein lang fredsperiode ville vera det beste for å konsolidera den sovjetiske blokka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement