Kommentar

Opprørstradisjonen lever i Ukraina

Gjennom fleire hundreår utvikla Ukraina seg forskjellig frå Russland. Denne ulikskapen ligg bak den seige ukrainske motstanden mot invasjonsmakta.

Monumentet over kosakkhovdingen Bohdan Khmelnytskyj i Kyiv i Ukraina.
Monumentet over kosakkhovdingen Bohdan Khmelnytskyj i Kyiv i Ukraina.
Publisert

Det er ikkje tvil om at Ukraina og Russland er nærskylde nasjonar: Russisk og ukrainsk høyrer båe til den austslaviske språkgruppa. Teologisk er det lite som skil kyrkjene i dei to landa. Folklore, kunst og kultur er litt forskjellig, men det er heller ikkje vanskeleg å få auge på likskapen.

Kan hende det som bind dei to nasjonane mest saman, er det samlivet i det russiske imperiet. I 1654 svor hovdingen Bohdan Khmelnytskyj på vegner av kosakksamfunna i Ukraina truskap til den russiske tsaren Aleksej Mikhailovitsj. Etter tretten år med krig mot det polsk-litauiske samveldet klarte herskaren i Moskva å leggja under seg Ukraina aust for elva Dnipro saman med byen Kyiv.

I tiåra og hundreåra som følgde, la den russiske herskarmakta under seg meir og meir ukrainsk land etter kvart som Polen-Litauen og Det osmanske riket blei reduserte til skuggar av det dei før hadde vore. På byrjinga av 1800-talet var Ukraina ein verdfull, men høgst underordna del av det enorme russiske imperiet, som strekte seg frå Austersjøen til Stillehavet og frå Nordishavet til Afghanistan.

Frå tsarens side var det ingen tvil om at russisk kultur og ikkje minst russisk språk skulle gjennomsyra alle delar av imperiet (sjølv om overklassa for det meste snakka fransk). I liberale periodar blei andre språk, som ukrainsk, tolt, men når reaksjonære tsarar kom til makta, blei russisk påtvinga alle i imperiet. Målet var å omdanna imperiet til éin nasjon der religion og språk var eins, regjert av ein eineveldig tsar.

Dødsdom for imperiet

Me veit alle korleis dette gjekk: Sjølv i Sovjetunionen overlevde dei nasjonale kjenslene, sjølv om sovjetleiarane arbeidde hardt for å skapa det dei kalla ein sams sovjetisk identitet. 1. desember 1991 røysta eit stort fleirtal av ukrainarane for å forlata Sovjetunionen. Denne folkerøystinga var sjølve dødsdomen for imperiet. Ei veke etter, 8. desember, samla presidentane for Ukraina, Kviterussland og Russland seg på jaktslottet Viskuli nokre kilometer frå den polske grensa. Der erklærte dei at Sovjetunionen hadde slutta å eksistera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement