Putin går langt i å gje Polen skulda for andre verdskrigen
Vladimir Putin hadde stroke til eksamen om han hadde framstilt Russlands historie slik han gjer i intervjuet med Tucker Carlson.
President Vladimir Putin talar til programleiar Tucker Carlson frå USA i Moskva 6. februar.
Stillbilete frå video ved Tucker Carlson Network / Reuters / NTB
I førre veke sat den amerikanske reporteren Tucker Carlson saman med Vladimir Putin i to timar i Kreml. Der fekk Putin fri bane til å leggja fram synet sitt på den pågåande krigen mot Ukraina.
Heilt fyrst i intervjuet brukar Putin ein halv time til å fortelja om russisk historie, og til å grunngje kvifor Ukraina eigentleg er ein del av Russland og ikkje eit eige land. Nokre av dei argumenta som Putin kjem med, er kjende, banale fakta om russisk historie. Men mykje av det han seier, er heilt feil. Aller mest påfallande er det Putin ikkje snakkar om.
Her er døme på noko av det som er heilt feil:
Fyrst i intervjuet snakkar Putin om det som skjedde då den staten som heitte Kyiv-Rus eller berre Rus (Putin kallar staten for Russland), blei knust av mongolane i 1237–1240. Dei sørlege delane av det som hadde vore Kyiv-Rus-staten, kom nokre hundreår seinare under Litauen og så under Polen. Austslavarane som budde i det som i dag er Ukraina, kravde etter kvart at dei kulturelle rettane deira måtte blei respekterte, ikkje minst religionen.
Dette er noko som alle som har studert ukrainsk og russisk historie, kjenner til. For Tucker Carlson var dette tydelegvis heilt nytt, og han spør difor Putin om når austslavarane i Polen-Litauen kravde slike rettar. Putin svarer: Det skjedde i det 13. hundreåret, altså på 1200-talet.
Det gjorde det ikkje, det skjedde på 1500- og 1600-talet. Årstal og kronologi er noko av det aller viktigaste i historia. Alt her syner Putin at han har dårleg grep om det han snakkar om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.