Kommentar

Kreften i det ukrainske samfunnet

Volodymyr Zelenskyj blei vald til president i Ukraina for å avskaffa korrupsjonen. Seks år seinare er landet framleis korrupt.

Ukrainarar protesterte 23. juni mot at presidenten dagen før freista å ta kontroll over institusjonane som overvaker korruposjon.
Publisert Sist oppdatert

Det er i byrjinga av august 2025. Men når ein høyrer på nyhenda frå Ukraina, kan det høyrast ut som om me er i august 1995: Toppfolk i den ukrainske staten er arresterte, mistenkte for å ha svindla til seg pengar gjennom statlege kjøp av våpen.

Oppskrifta er like god som ho er gamal: Folk i statsapparatet går i kompaniskap med dei som leverer varer til staten. I dette tilfellet handla det om dronar og utstyr til elektronisk krigføring. Dei som handsama kjøpet på båe sider, blei einige om å setja prisen opp med 30 prosent. Materiellet blei levert til staten, og pengane blei betalte leverandøren. Så, i neste omgangen, delte leverandøren og dei korrupte politikarane på «overskotet».

Til vanleg vil vinsten av ei slik forretning så snart som råd bli send til ein konto i utlandet, helst til eit land der korrupsjonsjegerar ikkje har tilgang. Om det har skjedd i dette høvet, er ukjent. Historia er i alle fall så pinleg som ho kan få blitt for den sitjande regjeringa og presidenten i Ukraina. Mannen som ser ut til å ha fiksa transaksjonen på den politiske sida, heiter Oleksij Kuznetsov og er parlamentsmedlem for Zelenskyjs parti Folkets tenar. Han har hatt med seg fleire allierte, mellom anna ein tidlegare guvernør frå Luhansk fylke, eit fylke som no er nesten heilt okkupert av Russland.

Omstridd lov

Denne siste korrupsjonsskandalen i Ukraina blir ikkje betre av at landet berre nokre dagar før blei skaka av ein bitter strid kring dei som skal avsløra korrupsjonen i landet. Den 22. juli vedtok det ukrainske parlamentet ei ny lov som fjerna sjølvstendet til to viktige kontor, nemleg Det nasjonale antikorrupsjonsbyrået og Den spesielle påtalemakta for antikorrupsjon. Med lova av 22. juli blei dei to byråa underordna riksadvokaten. Motstandarane av lova hevda at toppolitikarar og byråkratar då ikkje ville bli etterforska om ikkje presidenten sjølv gav godkjenning til det. Eller sagt på ein annan måte: Om ein ven av president Zelenskyj blei mistenkt for korrupsjon, kunne han ikkje bli etterforska om ikkje Zelenskyj sjølv gav løyve til det.

Frå tilhengjarane av lova, inkludert president Zelenskyj, blei det hevda av det var element innanfor dei to organa som samarbeidde med den russiske fienden. Difor var det naudsynt å bringa dei under tettare kontroll ovanfrå. Denne forklaringa blei ikkje godteken av særleg mange. I Kyiv og andre store byar braut det ut store demonstrasjonar. I Moskva var talsmannen for president Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, raskt ute med å hevda at heile historia kunne takast som prov på at dei milliardane som gjekk frå vestlege statar til den ukrainske statskassa, hamna i lommene til korrupte ukrainske politikarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement