Kommentar
Ingen vil gje opp Krym
Dei neste månadene kan Krym bli krigsskodeplass. Men er ei ukrainsk gjenerobring av Krym mogleg?
Ei kvinne i St. Petersburg i Russland feirar niårsdag for annekteringa av den ukrainske Krym-halvøya i 2014.
Foto: Anton Vaganov / Reuters / NTB
Mest sannsynleg – om ein skal tru militære ekspertar – kjem krigen i Ukraina til å spissa seg til om få veker. Det scenarioet dei fleste trur på, er at ukrainarane set i gang ein våroffensiv der dei freistar å kutta i to det landområdet som Russland erobra i fjor. Om dei klarer det, kan halvøya Krym vera det neste målet for ukrainarane.
No er det ingen utanfor den øvste militære leiinga i Kyiv som verkeleg kjenner til dei ukrainske planane. Men om ein kastar eit blikk på kartet, er det klart at Krym er viktig. Takka vera flåtebasen Sevastopol har Russland kontroll over den nordlege delen av Svartehavet. Dessutan har russarane på halvøya ein godt utbygd militær infrastruktur.
Symbolsk viktig
Ei gjenerobring av Krym vil løysa to problem for ukrainarane: Russland vil aldri igjen bli i stand til å truga den ukrainske korneksporten. Samstundes blir det ukrainske landområdet mindre utsett for russiske rakettåtak.
I tillegg kjem sjølvsagt den symbolske verdien av ei gjenerobring: Putin sende soldatane sine inn på Krym vinteren 2014, då det rådde kaos og oppløysing i Kyiv under omveltinga der. Den russiske overtakinga synte kor handlingslamma den ukrainske staten var. Vladimir Putin berre plukka ei mogen frukt. Den som eigde frukta, var ikkje i stand til å gjera noko som helst.
Sjølv om mange i Kyiv skulle ønskja det, er det likevel lite som tyder på at eit forsøk på gjenerobring kjem med det aller fyrste. Eit massivt åtak på Krym kan ikkje skje over Perekop-landbrua som knyter Krym til det ukrainske fastlandet. Den landbrua er altfor smal og altfor godt forskansa til at ein normal bakkeoffensiv er mogleg der. Den neste løysinga, nemleg eit amfibieåtak, er heller ikkje veldig sannsynleg. Ukraina har nemleg liten kapasitet på det området. Ein manglar rett og slett amfibiefartøy til å landsetja soldatane med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.