Krig

Nytt år, nye sjansar – på fleire frontar

Det nye året kjem med nye stressfaktorar, men bringar også nytt håp i Ukraina.

Isbadarar i Kyiv feirar trettandedags jul (6. januar) på vanleg vis ved inngangen til det fjerde krigsåret, som kjem utan store voner om snarleg fred.
Publisert Sist oppdatert

Denne jula er eg blitt mint på eit gammalt munnhell frå sovjettida: «Som du feirar nyttår, slik blir også det nye året du går inn i.»

Vi prøvde å følgje nyttårstradisjonane, men møtte ein del hindringar, nokre hyggelege, andre reint ut sagt tragiske. Også denne gongen kom den tradisjonelle Olivie-salaten – i Europa betre kjend som «russisk salat» – på bordet, men han gav oss inga glede. Gjennom sovjetfolkets kjærleik til majones og alt som er feitt, medverka denne salaten, saman med alkoholisme, til den låge gjennomsnittlege levealderen i Sovjetunionen. I 1990 levde menn i Sovjetunionen i snitt 63–64 år, mens kvinnene levde 73–74 år.

Slik vi skauv frå oss den russiske salaten, vende vi også ryggen til nyttårssendingane. Vi slo ikkje på fjernsynet eit minutt eingong. Vi høyrde ikkje på nokon av nyttårshelsingane frå politikarar til det ukrainske folket. Og for første gong opna vi ikkje ei sjampanjeflaske og skaut korken i taket ved midnatt. Vi sat og småprata og registrerte rett og slett ikkje at den nære framtida – 2026 – blei notid.

Vi var berre fem rundt bordet nyttårskvelden: kona mi og eg, bror min Misja og kona hans, Larisa, og den eldste son vår, Theo, som baud på ei framvising av månen gjennom teleskopet sitt, i sanning eit vakkert og fredfylt syn i ei stjernestrøydd natt, mens snøen glitra omkring oss.

Då vi hadde sett oss til bords, spelte vi musikk og prata, åt og drakk litt. Vi var verken svoltne eller tørste og kjende ingen trong til å feire.

Den siste kvelden i 2025 løyvde leiarane for energiforsyninga i Ukraina oss to ekstra timar med straum, og vi var takksame for det. Etter straumstansplanen skulle vi eigentleg vere utan straum mellom åtte og ti om kvelden. Vi hadde førebudd oss med stearinlys og lysestakar og ladd opp to batteridrivne bordlampar, men vi møtte slutten på 2025 utan å trenge noko slikt. Lyset blei verande på, og det var ei gåve vi sette stor pris på. Det er fint å sitje ved eit rundt bord og kunne sjå kvarandre klart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement