Krig

Misnøyevinter i Ukraina

Ein tragedie der ein krigsveteran drap fire politimenn, er på alle lepper. Korleis skal det gå når fleire hundre tusen veteranar vender heim? Før den tid gjeld det å overleve kulda.

Det er travelt ved suppekjøkena i Kyiv, der straumlause i 20 kuldegrader søkjer varmen meir enn næringa i suppa.
Publisert Sist oppdatert

Denne vinteren vil utan tvil bli ståande som ein avgjerande fase i den russisk-ukrainske krigen, kanskje ein av dei vondaste fasane sidan 2014. Han vil garantert bli omtalt i Ukrainas historie, og barnebarna til dagens unge kyivbuarar vil be besteforeldra fortelje korleis dei overlevde vinteren 2026.

Russland har venta på ein slik barsk vinter for å kunne knekkje motstandsviljen til ukrainarane. Så lenge det er vinter, så lenge frosten varer ved, vil russarane gjere alt dei kan for å øydeleggje det som er igjen av energiinfrastruktur i Ukraina, slik at ukrainarane står hjelpelause i møte med kulden.

Ukrainarane veit no mykje meir om straumforsyninga i landet enn før. Dei skjønar at heile straumnettet vårt er ikkje berre samankopla, men samkøyrt med nettet i EU og Moldova. 

Det mange derimot ikkje veit, er at det ukrainske straumnettet vart kopla frå Russland og Belarus natt til 24. februar 2022, tre og ein halv time før fullskalakrigen tok til. Fråkoplinga vart gjord for å finne ut om systemet kunne fungere åleine i tre dagar utan vanskar.

Dette var ein av føresetnadene for å kople det ukrainske energinettet til EU, noko som etter planen skulle skje i 2023. Ein avtale med EU på over 300 sider var underteikna. På grunn av den russiske aggresjonen vart dei to energinetta kopla saman mykje tidlegare – i midten av mars 2022. Då hadde Russland alt teke atomkraftverket i Zaporizjzja og byrja med jamlege rakettåtak på andre energianlegg.

Kaldt vêrlag utan tilgang på oppvarming og elektrisitet er faktisk ein livsfarleg fiende. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement