Kremls to forteljingar

Når alt og ingenting er forbode, får frykta fritt spelerom.

MJUK: President Vladimir Putin poserer med deltakarar i eit familieforum på ei messe i Moskva som syner framgangen for russisk økonomi.
MJUK: President Vladimir Putin poserer med deltakarar i eit familieforum på ei messe i Moskva som syner framgangen for russisk økonomi.
Publisert

Om det finst ei handbok for diktatorar, står det på første side: «Gjer alle vanskelege saker om til verdispørsmål.» Det er om å gjere å appellere til kjenslene, for då får ein folk med seg utan å måtte ty til hard makt.

På andre sida i diktatorhandboka står det: «Bruk hard makt når det er naudsynt, bruk mjuk makt når det er mogleg.» Mjuk makt inneber å manipulere folkesetnaden. Mjuk makt medfører små kostnader. Kreml nøler ikkje med å nytte hard makt. Dei bankar opp, arresterer og drep motstandarane sine når det høver, men hovudstrategien er likevel å manipulere folkesetnaden.

Er det noko diktatorar ikkje liker, er det kritisk tenking. Eit effektivt middel er å fortelje historier som rører ved kjenslene til folk. Då unngår ein at fornufta slår inn og folk byrjar å tenkje kritisk på sjølvstendig grunnlag.

Presidentvalet den 15.–17. mars er ikkje noko verkeleg val, for alle reelle opposisjonskandidatar er rydda av vegen før valet. I staden blir valet til ein toppstyrt og påkosta manipuleringskampanje. Målet er å sementere oppslutninga om det sitjande regimet generelt og krigen i Ukraina spesielt. I kampanjen nyttar Kreml to forteljingar: forteljinga om Den store fedrelandskrigen og forteljinga om Russland som forvaltaren av den einaste sanne kristendommen.

Åtakskrigen

Kreml omtaler konsekvent åtaket på Ukraina som ein «forsvarskrig» som er eit framhald av Sovjetunionens kamp mot Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement