Krig

Med humor som våpen

– Humor bidreg til å halda deg mentalt frisk i ekstreme situasjonar, seier forfattar Andrej Kurkov.

Då Andrej Kurkov vitja redaksjonen tysdag, gjorde han ferdig teksten som står på trykk i Dag og Tid denne veka.
Då Andrej Kurkov vitja redaksjonen tysdag, gjorde han ferdig teksten som står på trykk i Dag og Tid denne veka.
Publisert Sist oppdatert

– Eg skriv litt kvar dag. Når eg er på reise, står eg ofte opp i femtida og skriv på artiklane mine for Dag og Tid, seier Andrej Kurkov.

Han er tilbake i Noreg og vitjar Dag og Tid-redaksjonen. Det er andre gongen han er her sidan krigen tok til – mannen som av dei fleste er rekna som Ukrainas fremste forfattar.

Eg har tala med han på e-post eller telefon kvar veke sidan nyttår. Alltid er han like roleg. Han er som skapt for oppgåva han no står midt oppe i: å fortelja omverda om kva som skjer i Ukraina i denne lagnadstida for landet. Stadig er han intervjua av internasjonal presse, og stadig vert han invitert til stader rundt om i Europa for å halda føredrag.

Bustaden hans er i Kyiv, men han har flykta til grensa nær Slovakia. Og sjølv om han no kunne reist tilbake til hovudstaden, bur han heilt vest i landet. Det gjer det lettare å koma seg rundt i Europa.

Det har vorte livsoppgåva hans å bidra til at europearane har mest mogeleg kunnskap om Ukraina-krigen. Han kan ikkje anna enn å stå på veke etter veke.

Starta i 2013

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement