Kommentar

Skitentøyet hengt ut av folkets tenar

Ingen har kasta eit så grelt ljos over det ukrainske samfunnet som Volodymyr Zelenskyj sjølv. Paradoksalt nok er det grunnlaget for at folk har tillit til han.

Volodymyr Zelenskyj spelar hovudrolla i serien om ein historielærar som vert president i Ukraina. Serien vert no send på Netflix.
Volodymyr Zelenskyj spelar hovudrolla i serien om ein historielærar som vert president i Ukraina. Serien vert no send på Netflix.
Publisert

Den ukrainske TV-serien med den norske tittelen Folkets tjener er ein bauta: I den eine episoden etter den andre blir korrupsjonen og rotenskapen i det ukrainske samfunnet vist fram slik at alle kan sjå. Knapt nokon – korkje høg eller lav – går fri i serien som gjekk på ukrainsk fjernsyn frå 2015 til 2019.

Denne fjernsynsfarsen er sjølve grunnlaget for at Volodymyr Zelenskyj i dag er Ukrainas president. I valkampen i 2019 la han ikkje fram noko politisk program. I staden kunne han visa til dei tre sesongane av serien. Det var nok til at han vann valet overlegent.

Modig historielærar

Det heile handlar om den litt stakkarslege historielæraren Vasilij Petrovitsj Goloborodko, som underviser ved ein skule i Kyiv. Han bur heime hos foreldra sine etter at han nokre år tidlegare er blitt skild frå kona, Olga. I klasserommet gjev han uttrykk for frustrasjon over vanstyret i Ukraina, eit land som har alt, men blir køyrt i grøfta av ein korrupt elite.

Ein dag bryt all frustrasjonen ut i ein lang monolog innblanda ei rekkje med grove skjellsord. I smug tek ein av elevane opp monologen og legg han ut på nettet. Heile Ukraina klikkar seg inn for å sjå den ukjende historielæraren som seier sanninga om landet dei lever i.

Framleis kunne Vasilij Petrovitsj ha halde fram som historielærar, hadde det ikkje vore for elevane hans som samlar inn to millionar hryvnja – om lag 700.000 norske kroner – gjennom folkefinansiering. To millionar hryvnja er gebyret som trengst for få namnet inn på kandidatlista til presidentvalet. Når valdagen kjem, røystar 3 prosent av veljarane på den sitjande, korrumperte presidenten. 60 prosent røystar på Goloborodko.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement