Krig
Stormar og ledige jobbar
I Ukraina er torevêr ikkje lenger eit reint naturfenomen. Det er det vêret russarane føretrekkjer for åtaka sine. Så snart skyer samlar seg i himmelen over Ukraina, flyg rakettar og dronar mot ukrainske byar og landsbyar.
Lyn over Kyiv ein regnvåt dag i juli 2023. Ukrainarar har lært å ottast at russiske droner kan gøyme seg mellom skyene og i torebraka.
FOTO: Gleb Garanich / uters / NTB
I torevêr er det vanskeleg å høyre dei, og det er verre å spore dei opp. Så i førre veke, da kona mi og eg stod i hagen på landstaden vår og kikka på uvêrsskyene som samla seg, høyrde vi først eksplosjonar og deretter tora. Eg har lært meg å skilje mellom eksplosjonar og tore: toreskrall er ein meir langtrekt lyd som aukar og minkar i styrke, medan eksplosjonar til vanleg er ein einskild smell utan variasjonar.
Dagen etter uvêret drog vi til sundagsmarknaden i nabobyen Brusyliv for å kjøpe lokalt kjøt og brød frå det nye bakeriet i Vysoke.
På heimvegen stansa vi ved den einaste supermarknaden i byen, der vinavdelinga overraska oss med å kunne tilby mørkt øl frå Skottland og raudvinen Saint-Émilion Grand Cru. Sant nok laut vi ta ein ekstra kopp kaffi i den vesle kafeen rett ved og vente til klokka 10.00 – det tidlegaste tidspunktet for å kjøpe alkohol i Ukraina.
Den russiske aggresjonen har gjeve radikalt større vareutval i småbybutikkane. Mange byfolk har nemleg flytta til slike område – for å sleppe unna bomberegnet. Før krigen ville det ikkje vore mange som kjøpte belgisk øl, finare franske og spanske vinar, italienske ostar og pølser og den vidgjetne pata negra-skinka frå Spania i mindre ukrainske byar.
Men no har innbyggjarane smakt på nokre av dei nye produkta, og ysteriet i Brusyliv har stor suksess med «Philadelphia-typen» og urteostane sine. Krig stoppar livet berre når han øydelegg alt og drep alle eller tvingar folk til å flykte. Andre stader, der det ikkje er daglege bombeåtak og øydelegging, blir menneska meir dynamiske og aktive. Og internflyktningar ser sjølvsagt etter arbeid og høve til å busetje seg.
I Brusyliv-distriktet er tida no komen for sesongarbeid i landbruket. Bøndene treng folk til hausting av bær og grønsaker. Betalinga er anstendig. Transport til og frå markene er organisert av arbeidsgjevarane. I sjølve Brusyliv, der det bur om lag 8000 menneske, er det òg ledige faste jobbar: i nye kafear og butikkar, som tryggingsvakter, eller i minifabrikkar som produserer brenselbrikettar. Desse brikettane blir laga av treavfall.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.