Krig
Vindaugsvask i krig
I år feirar Ukraina påske ei veke seinare enn katolske og protestantiske land. Mens Jesus alt er oppstaden i Europa, vaskar ukrainske kristne no vindauga sine grundig for å sleppe mest mogleg lys inn i heimen i påska.
Ein jordbrukar har slege seg ned på restane av ein drone på kveiteåkeren i Dnipropetrovsk 2. april.
Foto: Reuters / NTB
Tradisjonen med å vaske vindauge før langfredag har sjølvsagt også religiøs tyding – ei reinsing frå synder og negative minne frå fortida som tyngjer sinn og sjel.
Den vanlegaste dagen for vindaugsvask i påskeveka er torsdag. Ifølgje folketrua er det ein del av ritualet å bruke ny vaskeklut, og ein skal vaske innvendig først og deretter utsida. Det er elles tilrådeleg å slå ut vatnet under eit tre i nærleiken og ikkje i avløpet.
I Vest-Ukraina, der folk held på religiøse tradisjonar, tek innbyggjarane vindaugsvasken djupt alvorleg og held auge med grannane for å passe på at alt blir gjort ordentleg. Men i løpet av krigen har «tradisjonen» med å overvake grannane vorte noko svekt. Mange vindauge i Lviv og Ivano-Frankivsk har stått uvaska i fleire år. Anten har eigarane av desse husværa vorte flyktningar, eller så er bustadene overtekne av internt fordrivne som kanskje har meir enn nok med å overleve og ikkje overskot til å bry seg om skitne vindauge. Det kan òg vere at dei er ukjende med tradisjonen.
På den andre sida kan vindaugsvask på skjærtorsdag vere ein gyllen sjanse for internt fordrivne frå Donbas og Sør-Ukraina til å komme i kontakt med grannane sine i Vest-Ukraina, eit godt høve til å vise kor gjerne dei vil bli integrerte i lokalmiljøet.
Det finst òg ei førestilling om at det er lettare for Gud å sjå korleis menneska har det, gjennom reine vindauge, slik at han blir betre i stand til å yte hjelp i vanskelege og uføreseielege tider. I denne symboltunge tida har president Zelenskyj elles vore på offisiell vitjing i eit land som er nemnt fleire gonger i Bibelen, Syria. Der inngjekk den ukrainske delegasjonen avtale om å gjenopne ein syrisk ambassade i Ukraina og ein ukrainsk ambassade i Damaskus.
I den noverande situasjonen, når president Trump har køyrt seg fast i Iran, treng Ukraina desperat nye partnarar og venner. Krigen i Iran har skapt interesse for antidroneteknologi i heile Midtausten, eit felt ukrainarar forstår seg betre på enn andre. Vi ser derfor eit nytt nivå i samarbeidet mellom Ukraina og golflanda, utanom Iran, og land i Midtausten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.