Krig

Ukrainsk vin og pressefridom

Æraen til general Zaluzjnyj, øvstkommanderande i det ukrainske militæret, tok ein overraskande fredeleg slutt.

Den nye øvstkommanderande i Ukraina, general Syrskyj, er etnisk russar. Foreldra og bror hans bur framleis i Russland, og dei støttar Putin.
Den nye øvstkommanderande i Ukraina, general Syrskyj, er etnisk russar. Foreldra og bror hans bur framleis i Russland, og dei støttar Putin.
Publisert

I to dagar samla tilhengjarar av general Zaluzjnyj seg på Majdan-plassen og bar plakatar med «Få Zaluzjnyj attende til dei væpna styrkane», men desse stillferdige folkemøta var for ubetydelege til å interessere journalistar.

I løpet av dei siste månadene har det ukrainske samfunnet rett og slett blitt trøytt av å diskutere den moglege konflikten mellom Zaluzjnyj og president Zelenskyj og den moglege avgangen til generalen. Når det dagen etter avgangen dukka opp ein videoreportasje frå presidentkontoret som kunngjorde at general Zaluzjnyj og general Budanov hadde fått tildelt heidersteiknet «Helt av Ukraina», stilna striden. For første gong uttrykte nokre ukrainarar at dei var skuffa over Zaluzjnyj, men av ei heilt anna årsak. Etter å ha motteke «Helt av Ukraina»-stjerna gav Zaluzjnyj og Zelenskyj kvarandre ein klem som såg ut som teikn på ekte venskap. Men sjefen for den militære etterretningstenesta, general Budanov, var tilbakehaldande. Etter at han fekk prisen frå handa til presidenten, nikka han berre og gjekk til sides.

Den nye øvstkommanderande, general Syrskyj, er velkjend i Ukraina. Han leidde den militære operasjonen i Donbas etter annekteringa av Krym. Han er etnisk russar; foreldra og bror hans bur framleis i Russland, og dei støttar Putin. Far til general Syrskyj er pensjonert oberst, den 82 år gamle mor hans syng i eit veterankor, og broren arbeider som tryggingsvakt i eit butikksenter og har russisk flagg og orda «Eg elskar Russland» på nettsida si.

No gøymer foreldra til general Syrskyj seg for journalistar. Ei bølgje av hat mot dei reiste seg i heile Russland. Dei blir kalla «foreldra til ein forrædar».

Rett etter at Sovjetunionen braut saman, valde general Syrskyj å knyte lagnaden og militærkarrieren sin til Ukraina og lærte seg det ukrainske språket. No er det tydeleg at han trur fullt og fast på at Ukraina skal vinne krigen.

Det er ein viss skepsis til den nye øvstkommanderande blant ein del ekspertar og journalistar, mellom dei Christopher Miller i Financial Times. Han meiner generalen er svært lojal mot Zelenskyj, og fryktar at denne lojaliteten kan svekkje vurderingsevna til Syrskyj. Ein del militærekspertar ser òg føre seg at han vil vere mindre oppteken av livet til ukrainske soldatar, og kan kome til å sende dei ut på blodige stormåtak for å halde på ukrainske posisjonar i områda i Donbas der Russland no angrip meir aktivt enn før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement