Utanriks: For nesten tre år sidan gjekk sprengladningar av på Nord Stream 1 og 2. No skal tyske etterforskarar ha identifisert alle dei involverte, og etter kvart som namna blir avslørte, blir saka stadig meir politisk betent.
Gass strøymer til overflata frå dei sprengde Nord Stream-leidningane på botnen ved den danske øya 27. september 2022.
Foto: Dansk forsvar / Ritzau / Reuters / NTB
Politisk sprengkraft
Mellom klokka 02.03 og 19.03 den 26. september i 2022 detonerte fire sprengladningar på dei enorme gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 på botnen av Austersjøen. Her var det snakk om fleire alvorlege lovbrot etter paragrafane i den tyske straffelova. Forfatningsstridig sabotasje, forsettleg detonasjon av sprengstoff og øydelegging av infrastruktur. Dette kan gje ei fengselsstraff på opptil 15 år, i alle fall ifølgje den eine av totalt seks arrestordrar som riksadvokaten i Karlsruhe har utferda i saka. Den første har alt blitt fullbyrda. Sist torsdag blei ein av dei mistenkte arrestert i Rimini av italiensk politi.
Etterforskarane måtte vente på denne augeblinken i nesten tre år, men no har brikkene falle på plass, og dei meiner at dei har eit fullstendig bilete av sabotasjeaksjonen. Etter det Süddeutsche Zeitung, Zeit og ARD kjenner til, sit etterforskarane no på namna til heile mannskapet på seglbåten «Andromeda», som la ut frå båthamna Hohe Düne i Rostock den 7. september 2022, med kurs for målet i nærleiken av den danske øya Bornholm.
Ukrainske patriotar
Det skal ha vore sju personar om bord. Gruppa skal mellom anna ha bestått av ei kvinne som er blant dei beste djupvassdykkarane i Ukraina, ein tobarnsfar med bakgrunn frå tryggingstenesta, ein soldat som etter aksjonen fekk opplæring i det tyske forsvaret, ein dykkar med eige røyrleggjarfirma, og ein erfaren seglar. Ein reknar med at det først og fremst dreier seg om ukrainske patriotar. Og det er ting som tyder på at ukrainske styresmakter i det minste kan ha hjelpt dei sju mistenkte sabotørane.
Ein av dei, 49 år gamle Serhij K., har sete i Casetti-fengselet i Rimini sidan førre veke. Gjennom advokaten sin tilbakeviser han alle skuldingane. På bileta frå arrestasjonen står han mellom to politibetjentar og rettar tre fingrar i vêret. Gesten kan tolkast som tridenten – Tryzub – det patriotiske symbolet til ukrainarane.
At det tre dagar før arrestasjonen var utferda ein europeisk arrestordre på han, var tydelegvis ukjent for mannen, som tidlegare skal ha jobba i SBU, den ukrainske tryggingstenesta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.