Krig

Høyreapparat til ukrainske soldatar

«Alle må slåst!» Dette kan ein høyre stadig oftare i Ukraina. Alvorlege handikap er inga hindring.

Denne krigsskadde droneoperatøren tenestegjer på ny ved fronten takk vere ein protese.
Denne krigsskadde droneoperatøren tenestegjer på ny ved fronten takk vere ein protese.
Publisert Sist oppdatert

Sofijivsjkyj-kvartalet, eit inngjerda bustadkompleks, vart bygt tre kilometer frå Kyiv for unge barnefamiliar frå den ukrainske middelklassa. Der er blokkar med ti eller tolv høgder med små, komfortable bustader, leikeplassar for born og eit vakkert, opplyst springvatn. Kring dette er det ofte små marknader og tilstellingar for familiane. I nærleiken er det ein skog og ein park. Larm frå byen når ikkje fram til dette lokalsamfunnet. Ein kan ikkje eingong høyre biltrafikken på ringvegen, som er den uoffisielle yttergrensa for Kyiv. Fram til 2022 var livet som eit paradis for dei som bur her.

Så vel Kyiv-buarar som folk frå andre regionar i Ukraina kjøpte bustader her. Dette komplekset, med eit tital bygningar, har styrkt økonomien i nabolandsbyen Sofijivsjka Borsjtsjahivka. Nye butikkar og tenesteytarar opna i landsbyen, og mange nye jobbar vart skapte for dei lokale innbyggjarane. Ukrainarane set pris på arbeid, særleg når det er krig.

Dette kan truleg forklare lojaliteten som tryggingsmannskap og vaktmeistrar syner overfor dei som bur i Sofijivsjkyj-kvartalet. Ifølgje offisielle reglar skal tryggingsmannskap og vaktmeistrar ikkje sleppe framande inn i komplekset, og denne regelen er innskjerpa no når det er krig.

Men det finst framande som vaktene ikkje kan hindre i å kome inn på området, nettopp på grunn av krigen. Det er representantar for det militære registrerings- og listeføringskontoret som har med seg innkallingsmelding til dei som bur i bustadkomplekset.

For første gong har distriktsretten i Sofijivsjka Borsjtsjahivka handsama ei sak mot ei tryggingsvakt i Sofijivsjkyj-kvartalet som gjennom chat-tenesta til komplekset åtvara innbyggjarane om at militæret var i kjømda. Denne bodskapen fekk dei som bur der, til ikkje å opne dørene sine for tenestemennene.

Kort sagt vart tryggingsvakta funnen skuldig i å hindre verksemda til dei væpna styrkane i Ukraina og andre militære institusjonar i ei tid da den nasjonale tryggleiken var truga, og han vart dømt til fem år i fengsel. Ettersom vaktmannen hadde vedgått at han var skuldig, angra og lova å aldri gjere dette igjen, fann retten at det ikkje var råd å ta frå han fridomen, og gav han vilkårsdom med tre års prøvetid. Retten tok òg omsyn til at den sikta gjorde dette brotsverket for første gong og var utan kriminelt rulleblad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement