Å vinna, eller ikkje berre tapa
Skal Ukraina bli sett i stand til å vinna krigen? Eller er det nok at Ukraina ikkje taper? Det spørsmålet har lege under dragkampen i Nato rundt leveringa av vestlege stridsvogner.
Ettersom fleire land sender stridsvogner, vil ein spreia risikoen. Russarane vil få mange å vera sinte på, ikkje minst USA.
Foto: Heiko Junge / NTB
Denne veka blei det vedteke å senda moderne, avanserte stridsvogner til Ukraina. Spørsmålet har ridd Nato som ei mare denne vinteren. Under striden låg spørsmålet om dei langsiktige måla i Ukraina – og den velkjende tyske frykta for å leggja seg for mykje ut med Russland.
Kunngjeringa om leveringa av stridsvogner kom fyrst onsdag denne veka. Helga før, på den amerikanske Ramstein-basen i Tyskland, hadde eit 50-tal land samla seg for å avgjera spørsmålet. Møtet kom og gjekk utan noka avgjerd. Så kom ein pressekonferanse med Nato-sjef Jens Stoltenberg og den nye tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, sist tysdag. Då var det òg venta at Tyskland ville gje grønt lys for panservognene. Men heller ikkje då kom det til ei avklaring.
Tvil og frykt
Under det heile låg heile tida nølinga til éin mann, nemleg den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz. Han er tysk regjeringssjef, og til sjuande og sist er det han som har hatt det avgjerande ordet. Scholz har vore plaga av både tvil og frykt i denne saka, skal ein tru tysk presse. Nyhendemagasinet Der Spiegel oppsummerte tidlegare denne veka kva dette har ført med seg:
For det fyrste har det kome til syne store sprekkar i den tyske regjeringskoalisjonen. Samarbeidsklimaet der skal vera «massivt forstyrra», melder bladet. Utanrikspolitisk har problema ikkje vore mindre: I Washington var ein lenge i ferd med å mista tolmodet med den tyske kanslaren. På møtet på Ramstein-basen kom det rett nok ikkje til nokon skandale mellom tyskarar og amerikanar, men det var det ein på diplomatspråket kallar for ei «intens meiningsutveksling». Tyskarane – eller snarare Olaf Scholz – gjekk amerikanarane på nervane, skreiv Der Spiegel.
Motiveringa til Olaf Scholz såg ut til å handla om to ting: Fyrst og fremst ville han ikkje ha nokon tysk åleinegang. Om ukrainarane skulle få stridsvogner, måtte desse vognene ikkje vera berre tyske Leopard-ar. Også amerikanarane måtte senda sine Abrams-vogner. Ved at fleire land sende stridsvogner, ville ein spreia risikoen. Russarane ville få mange å vera sinte på, ikkje minst USA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.