Kommentar

Krigslukka har snudd for Ukraina

Dei neste månadene vil Vladimir Putin freista å ta over heile Donetsk fylke. Men no møter han eit Ukraina som har skaffa seg eit teknologisk forsprang.
  

Ukrainian servicemen launch radio controlled and optic fibre controlled FPV-drones from an unmanned ground vehicle during testing at a training ground near a front line, amid Russia's attack on Ukraine, in Zaporizhzhia region, Ukraine April 10, 2026. REUTERS/Stringer
Ukrainske soldatar sender ut radiostyrte og fiberoptiske FPV-dronar frå eit ubemanna køyretøy på eit øvingsfelt nær frontlinja, 10. april 2026.
Publisert Sist oppdatert

Om nokre veker vil venteleg den russiske hæren i Ukraina innleia ein sommaroffensiv. Målet ser ut til å vera klart: Før hausten kjem, skal heile Donetsk vera erobra, også dei siste 20 prosentane av fylket som til no har vore under ukrainsk kontroll. Om den russiske hæren klarer det, vil president Vladimir Putin ha innkassert ein strategisk siger.

Problemet hans er at det ikkje er noko som tyder på at den russiske hæren står føre noko gjennombrot. Rett nok klarer den russiske krigsindustrien stadig å levera meir enn nok av missil og dronar som terroriserer ukrainske sivile. Men samstundes blir den ukrainske krigføringa stadig meir pågåande. Langs den over 1000 kilometer lange fronten er styrkeforholdet langsamt i ferd med å endra seg.

Det skjer ikkje fordi Ukraina stadig sender nye årsklasser av unge, friske soldatar inn i krigen. Framleis har ukrainarane tydelege problem med å rekruttera nok soldatar. Dei soldatane som allereie er inne og gjer teneste, er ofte godt oppe i 30- og 40-årsalderen, og dei blir verande altfor lenge ved fronten, ofte månad etter månad, år etter år. Ingen må vera i tvil om at dette er på grensa til det heilt kritiske, og at det etter kvart kan svekka den ukrainske kampkrafta alvorleg. Når dei soldatane som ligg ute ved fronten likevel hevdar seg så godt overfor fienden, er det fordi dei blir stadig meir teknologisk avanserte.

Nato ut av spel

Det som har skjedd og skjer i Ukraina, fekk Nato-landa eit godt innblikk i allereie i fjor under ei militærøving i Estland. Med i øvinga var ei gruppe med ukrainske militære utstyrte med Delta-systemet, eit ukrainsk-utvikla program for overvaking og nedkjemping av fiendtlege styrkar. Under øvinga rykte Nato-troppane fram slik ein gjer i ein konvensjonell krig, og slik Nato-soldatar har gjort i mange tiår. I rask rekkjefylgd identifiserte ukrainarane «fienden» ved hjelp av overvakingsdronar. Deretter sende dei ut åtaksdronar. Etter kort tid hadde ei handfull med ukrainske droneoperatørar sett ein stor Nato-styrke ut av spel. I ei tilsvarande marineøving klarte ukrainske militære å senka ein Nato-fregatt. Dronen kosta kanskje nokre titusen norske kroner. Fregatten kosta milliardar, for ikkje å snakka om alle liva som hadde gått tapt om øvinga hadde vore verkeleg krig.

Mest avgjerande for den ukrainske slagkrafta er at dei har klart å forkorta den såkalla drapskjeda – altså tida det tek frå eit mål er oppdaga til det er øydelagt. Tidlegare kunne det ta kanskje ein halv eller ein heil time. No gjer ukrainarane det unna på eitt eller to minutt. I praksis tyder det at så snart det dukkar opp fiendtlege soldat eller køyretøy ved fronten, så blir dei oppdaga, angripne og tilinkjesgjorde. 

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel