Kommentar
Val for å hylla eit diktatur
Denne helga går veljarane i Russland til urnene for å stadfesta makta til diktatoren Vladimir Putin. For 35 år sidan var landet på vegen mot demokrati. Korleis kunne det gå så gale?
Vladimir Putin smykka seg 7. mars med kvinnelege avgangsstudentar på pilotskulen i Krasnodar.
Foto: Mikhail Metzel / Sputnik / Reuters / NTB
I augustdagane i 1991 hadde Boris Jeltsin, saman med folket i Moskva, slege ned eit kupp der generalane i KGB freista igjen å gjera Russland til eit diktatur. Då Jeltsin tala til ei begeistra folkemengd rett utanfor parlamentet ved Moskva-elva, proklamerte han at plassen der dei no stod, skulle døypast om til «Det frie Russlands plass».
Underteikna stod berre nokre meter bak Jeltsin. Eg høyrde på talen hans og såg ut over folkemengda. At diktaturet igjen skulle etablera seg i Russland, såg umogleg ut. Kommunistpartiet var i full oppløysing, og generalane i KGB var på veg inn i fengsel. Russland hadde valt demokratiet.
Denne helga er det presidentval i Russland. Talsmannen til Putin, Dmitrij Peskov, har for lenge sidan kunngjort resultatet: 80 prosent av veljarfolket vil møta fram for å røysta. Av dei vil 80 prosent røysta på Vladimir Putin. Når me får resultatet sundag kveld eller måndag føremiddag, kjem det til å liggja om lag der. Alle veit at det ikkje har vore eit fritt val. Alle veit at målet med valet var å gje ein diktator eit skinn av legitimitet.
Alltid diktatur
Korleis kunne Russland koma dit etter at dei hadde nedkjempa eit anna diktatur, det kommunistiske? Svaret gjev seg ikkje av seg sjølv, men hovudårsaka ligg i mangelen på demokratiske tradisjonar i det russiske samfunnet. Russland, eller rettare sagt Moskva-staten, har heilt sidan staten oppstod i seinmellomalderen, vore eit diktatur. Men det tyder ikkje at staten måtte halda fram med å vera eit diktatur inn i det 21. hundreåret. Ei demokratisk utvikling med utgangspunkt i Jeltsin-epoken hadde vore mogleg. Men Putin og folka kring han ville noko anna.
Korleis Vladimir Putin og offiserane frå KGB fyrst kom til makta og sidan systematisk bygde ned det russiske demokratiet, er ei fascinerande historie. Skal ein velja eit startpunkt for det heile, vil eg meina at ein bør gå til bustadsprengingane i Moskva og andre russiske byar i september 1999. Fleire bustadblokkar gjekk i lufta, og fleire hundre blei drepne. Ingen visste kven som stod bak, men verknaden var likevel tydeleg: Dei som meinte at tsjetsjenarane hadde skulda, slutta opp om den nye statsministeren Vladimir Putin, som var blitt utnemnd i august. Dei som meinte at det var Putin sjølv og kameratane hans som stod bak, blei gripne av frykt. Så viste det seg også at fleire av dei som freista å etterforska hendinga, døydde under såkalla uklare omstende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.