Flyktningar i Ukraina

Heimlause i eige land

Nesten 6 millionar ukrainarar har flykta frå russiske åtak og til utlandet, men 3,7 millionar har blitt verande, sjølv om dei har mista heimen. Dei saknar det gamle livet sitt.
  

Police officers assist a resident during an evacuation from a frontline village, amid Russia's attack on Ukraine, in Zaporizhzhia region, Ukraine, January 27, 2026. REUTERS/Stringer
Ein bebuar blir evakuert frå heimen sin i Zaporizjzja 27. januar i år.
Publisert Sist oppdatert

Fram til august 2024 var livet til Svetlana Obukhova framleis relativt normalt. Heimbyen hennar, Myrnohrado, og nabobyen Pokrovsk var rett nok mål for den russiske hæren, men 52-åringen heldt lenge ut i Myrnohrad, der ho i over tre tiår hadde jobba ved kolgruveanlegget. Men fronten kom stadig nærmare, og i mai 2024 følgde Obukhova den 74 år gamle mor si, Ludmila, til Tsjekkia, der ho skulle få bu hjå slektningar.

Dottera Tatjana på 28 år var ingeniør og jobba framleis i Pokrovsk.

Men sommaren 2024 blei det farlegare i Pokrovsk og Myrnohrad, særleg fordi talet på russiske drone- og flyåtak auka. 3. august 2024 blei fabrikken til Obukhova råka av ei bombe, og ho mista jobben. Det blei stadig fleire luftåtak, og i slutten av august i 2024 flykta mor og dotter til Tsjekkia. Men dei var i eit framandt land og kunne ikkje språket. Difor heldt dei berre ut i tre månader før dei drog tilbake til eit krigsherja Ukraina.

Bombenedslaga var ikkje lenger til å bere

Nesten 10 millionar ukrainarar har blitt heimlause under krigen, ifølgje FN. Rundt 5,9 millionar har flykta til Europa og til andre land. Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) anslår at ytterlegare 3,7 millionar ukrainarar er på flukt i eige land. Fleire hundretusen kjem tilbake frå utlandet, men få får sjå heimstaden sin att. 

Det fekk heller ikkje Svetlana Obukhova.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement