Krig
Plukking av sopp og kamera
For tida trekkjer soppsankarane ut i skogen. Andre leitar etter skattar – til detektoren blir konfiskert. Andre igjen lever i luksus.
Det ukrainske lokomotivet HRCS2 vart råka av ein russisk drone i Kyiv 28. august 2025.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Den ukrainske bloggsfæren seier mykje om dagens Ukraina. Den viktigaste oppdaginga ein kan gjere ved å skumlese populære Telegram-kanalar, Instagram-sider og slikt, er at det er mogleg å leve i Ukraina «med glamour og utan krigen». Bloggarane kan fokusere på reiser, kulinariske opplevingar og dyre bilar – utan å nemne den russiske aggresjonen. Og bloggarane kan ha hundretusenvis av følgjarar som, sanneleg, drøymer om eit liv «med glamour og utan krig».
Sjølvsagt er det andre bloggarar som ytrar seg på Telegram og YouTube, som lever «med krigen». Det viktigaste målet for aktiviteten deira på nettet er å skaffe pengar til dronar, behandling av skadde soldatar og andre former for støtte til militæret. Dette er bloggarar som er «vigde til krig». Alt innhaldet dei lagar, er knytt til krigen. Eg har ikkje funne ein einaste bloggar som rapporterer om den forferdelege russiske aggresjonen, og som samstundes nemner nokre av dei vedunderlege sidene ved ukrainsk liv som stadig finst, endatil under kamphandlingane. Dette fortel at det ukrainske samfunnet, i det minste dei aktive og yngre deltakarane, er delt i to kategoriar: dei «med krigen» og dei «utan krigen».
Det er lett å sjå for seg ein harmonisk og fullstendig realistisk kombinasjon av venleik og tragedie. Til dømes vakre roser på den ferske grava til ein 20 år gammal soldat. Men sjølvsagt er det ingen blomsterbutikk eller blomsterdekoratør som ville nytte dette biletet til å annonsere for tenestene sine.
Kvifor nemnde eg roser? Fordi 11.000 roser nyss splintra den sorgtunge stilla i den ukrainske allmenta. Nokon hadde bestilt ein stor teddybjørn som var laga av roser, av blomsterdekoratøren Anastasia Skalnitskaja i Kyiv. Kostnaden for den to meter høge bamsen, laga av om lag 11.000 roser, var 536.000 hryvnia (11.000 euro).
Mottakaren av teddybjørnen synte seg å vere Daniela DaLee, eigaren av ein eksklusiv klesbutikk. Ho vende seg snøgt til Instagram-sida si (der ho har nesten ein million følgjarar) for å irettesetje dei som hevda at i ein krig bør ein så stor pengesum sendast til militæret, og ikkje nyttast på meiningslause gåver.
Nokre amatørdetektivar gav seg til å leite etter den som hadde lagt inn bestillinga, og først vart det sagt at bamsebuketten var bestilt av Artem Dubnov, ein tidlegare tannlege og medlem av parlamentet frå Folkets tenar-partiet. Men snart sende dei tilsette i klesbutikken til Daniela DaLee ut ei fråsegn om at dei sjølve hadde bestilt den store rosebamsen for å vise at ukrainske produsentar kan lage produkt i «verdsklasse». Dei la til at dei støttar det ukrainske militæret med private pengegåver.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.