Krig

Vond veke for president Zelenskyj

Zelenskyjs stabssjef har trekt seg, utan at det løyser nokon problem for presidenten. Ukrainarane førebur seg på jule- og nyttårsfeiringa meir på trass enn i forventning.

President Volodymyr Zelenskyj og stabssjef Andrij Jermak har halde saman i tjukt og tynt i fleire år. No er Jermak ute av bildet og på veg mot fronten.
Publisert Sist oppdatert

Jule- og nyttårshøgtida nærmar seg til tonane av luftvernsirener og eksplosjonar. Trass i stadig fleire missilåtak førebur ukrainarane seg på høgtida. Dei kjøper billettar til teater og konsertar og reserverer bord på restaurantar som alt har teke til å avertere for festmenyane sine.

Dei som er engstelege for å feire ute blant folk, kan få julemat og nedkjølt sjampanje levert på døra heime. Det er hard konkurranse mellom restaurantane, og prisen for eit festmåltid med prosecco kan komme ned i 20 euro per person.

Men slikt er berre relevant for folk som bur i byar og på større tettstader. På landsbygda blir jule- og nyttårshøgtida markert på tradisjonelt vis med mat som familien sjølv har laga til heime.

Dess lenger inn i desember vi kjem, dess større er faren for at Russland vil forpurre festplanane til ukrainarane. Kvar dag stig talet på utbrende husvære og bustadblokker som ligg fleire hundre kilometer frå fronten. Det verkar som Putin vil påføre ukrainarane ein særskild juleskrekk.

Om vi analyserer utviklinga dei siste to–tre månadene, blir det likevel klart at den stadig sterkare fryktkjensla har samanheng med den svekte posisjonen som Volodymyr Zelenskyj og dermed Ukraina har hamna i. På toppen av alle problema med mobilisering har vi fått ein korrupsjonsskandale, og den utnyttar både Russland og den ukrainske opposisjonen til fulle.

Det kan verke som den ukrainske staten er i ferd med å miste kontrollen. Det var i alle fall kjensla mange ukrainarar hadde då presidentens stabssjef, Andrij Jermak, den nest mektigaste mannen i landet, leverte avskilssøknaden sin og kommenterte avgjerda med ei kjensleladd erklæring. Han forsikra at han var ein tvers gjennom heiderleg statstenestemann som på ingen måte var innblanda i korrupsjon, og når han no hadde vorte urettvist dregen ned i søla og fått sitt gode namn og rykte tilsulka, hadde han valt å verve seg i hæren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement