Krig
Amerikanarane må be Ukraina om hjelp
USA og fleire golfstatar har vorte nøydde til å be Ukraina om hjelp for å skyta ned iranske shahed-dronar. Plutseleg er det Ukraina som er på tilbodssida.
Øving med P1-Sun FPV antidrone-drone i eit øvingsområde på ukjend stad i Ukraina 6. mars 2026.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Heilt sidan krigen tok til i 2022, har Russland angripe Ukraina med iranske shahed-dronar. Litt etter litt har ukrainarane lært korleis dei skal øydeleggja desse dronane på ein billeg måte. Dette er noko USA og dei USA-allierte golfstatane ikkje kan. Difor ber dei no om hjelp.
Det er den tyske avisa Die Welt som melder dette. I ein artikkel nyleg strekar Die Welt opp korleis rollene på uventa vis er snudde om: Inntil heilt nyleg var det ukrainarane som audmjukt måtte be USA og vestlege allierte om støtte. No må spesielt USA spørja Ukraina om hjelp. Ikkje uventa har ukrainarane svart det same som dei sjølve ofte har fått melding om: Ja, dei kan koma til hjelp, men berre om det ikkje går ut over deira eigen kapasitet til å føra krig.
Dyrt mot billeg
USA og dei superrike golfstatane har i prinsippet ikkje noko problem med å skyta ned dei iranske dronane, som går med ein fart på berre om lag 185 kilometer i timen. Problemet er at dei dronane som iranarane har produsert, kostar cirka 30.000 dollar per stykk. Dei rakettane som amerikanarane og deira allierte nyttar, kostar mange, mange gonger meir. Om ein skyt ned ein drone til nokre titals tusen dollar med ein rakett som kostar ein million dollar, er det kanskje ein militær triumf, men ein økonomisk katastrofe. Sjølv om fleire av golfstatane er søkkrike, kan dei i lengda ikkje halda på på det viset. Heller ikkje det amerikanske forsvaret kan det. Difor vart det naudsynt å venda seg til ukrainarane.
Dei fyrste shahed-dronane som ukrainarane blei kjende med, var leverte direkte frå Iran til Russland då krigen tok til for fire år sidan. Dronen var slett ikkje ufarleg. Med eit stridshovud med mellom 30 og 50 kilo sprengstoff var shahedane i stand til å gjera stor skade, ikkje minst mot ukrainske bustadblokker. Utover i 2022 og 2023 blei samarbeidet mellom Russland og Iran stadig tettare, og etter kvart blei det bygd ein fabrikk for shahed-dronar i den russiske delrepublikken Tatarstan. Etter det auka talet på dronar over Ukraina monaleg, og ukrainarane måtte verkeleg finna metodar for å skyta dei ned.
Antidrone-dronar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.