Ukraina
Med minne som våpen
Fire år med krig har endra Ukraina. Krigen har òg endra Andrej Kurkov.
Andrej Kurkov under famføringa av årets Wergeland-førelesing på Litteraturhuset i Oslo 24. mars.
Foto: Tale Hendnes / Litteraturhuset.
– Folks eige minne er avgjerande for historia til eit land. Då kan vi ikkje overlata historieskrivinga til historikarane, seier Kurkov.
Andrej Kurkov heldt årets Wergeland-førelesing på Litteraturhuset i Oslo denne veka. «Med minne som våpen» summerer opp hovudpoenget i førelesinga.
Han er overtydd om at vi òg må læra om vår eiga historie gjennom historia til foreldra våre og forfedrane våre.
– Berre på den måten kan vi halda historia i live, og berre på den måten kan vi aktivt nytta historia i tenkinga vår og i politiske avgjersler.
Tidlegare på dagen var vi på Nasjonalmuseet. Kurkov er kunstinteressert og prøver alltid å vitja det nasjonale museet når han er i utlandet.
– Kunstnarane er nervesystemet i samfunnet, og musea reflekterer dei mange dramaa som landet har vore igjennom. Særleg er eg oppteken av perioden frå 1900–1960. Denne dramatiske og ustabile perioden skapte kreativ og ny kunst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.