Bok Ein kinesisk Voltaire Ai Weiwei har skrive memoarar som like mykje handlar om Kina som hans eigen familie, og om dei elendige vilkåra for ytringsfridomen.
Bok OL av og for nerdar Historien om Vinter-OL er for det meste ei lite kritisk krønike med detaljerte fakta om dei siste vinterleikane.
Bok Frå såpeopera til stor forteljing Mímir Kristjánsson syner korleis Jon Michelet går frå å vera ein mediekjendis på venstresida til det forfattaren meiner er ein folkets helt.
Bok Om ytring, men mest om å ikkje ytra seg Boka Hva er ytringsfrihet gjev god innføring i juridisk praksis kring paragraf 100, for studentar og lekfolk.
Bok Jarnbur av plikter og rettar Språkrådet har skrive ein rapport om korleis særleg minoritetsspråka våre har det i dag.
Bok Helst ikkje forandra. Berre bevara. Røe Isaksen gjev god innføring i konservatisme som ein teorifri teori. Men vegen til Høgres program er lang. Kortare til Sp.
Bok Ikkje berre «fjeldaber» Den danske bog om Norge vil gje danskar eit nyansert syn på Noreg, om enn på noko overflatisk og anekdotisk vis.
Bok Og fossane ropar langt (og høgt) hurra! Jens Fredrik Nystad har skrive eit standardverk om eit naturfenomen som gjer oss rike på pengar, opplevingar og dilemma.
Skal vi slutta å lesa Hamsun? Ein litteraturprofessor meiner det, etter sjølv å ha lese han slik ein viss mann les Bibelen.
Bok Nokså kjende løyndomar Boka om skrivekunst passar best som pensumbok på Geelmuydens eige skrivekurs.
Bok Om tileigning av biletkunst gjennom ord Sverre Bjertnæs lukkast både med essay og å overkoma alkoholismen.
Bok Ytringsfridom ifølgje sekulær fornuft Humanist Forlag har gjeve ut ei samling artiklar som kan hende er i overkant samstemte, og med von om å hjelpa den nye ytringsfridomskommisjonen.
Bok Maktas betongarkitektur – med litt pynt Espen Johnsen har laga ein grundig monografi over ein tidstypisk arkitekt vi framleis er usamde om.
Bok Velferdsstaten som himmelriket Noregs suksess vert forklart med vatn, ikkje olje, i ei pedagogisk god bok full av interessante sosiologiske observasjonar.
Bok Prøysen får ein dag i mårå i litteraturvitskapen Ei bok om Trost i Takklampa stør synet på Prøysen som samfunnskritisk satirikar og kompetent grenseoverskridande forfattar.
Bok Frå helvete til velferdsstat Ei aktuell og grundig, om ikkje heilt objektiv bok om den store religiøse innsovninga i kongeriket Noreg.
Om ein turistattraksjon som er overraskande lite populær Saltstraumen har mykje å by på, snart kanskje eit rekonstruert vikingtun òg.
Bok Eit stykke mellomdistanse idrottshistorie Ein folkeminnegranskar sprintar oss gjennom liv og lagnad til to brør og tida dei levde i.
Bok Ein folkefiende mot samfunnets støtter Eit innlegg mot ukontrollert digitalisering av barneskulen.
Kunst Kjerringøy, Hamsun og Harr Om ei (halv)øy med mykje natur og like mykje kultur, særleg Karl Erik Harr-museet.
Kunst Ein femmasta fullriggar flyg over Oslo Målarstykke, skulpturar og forteljingar fører oss gjennom fem år med naziokkupasjon fram til ei hylling av humanisme og rasjonalitet innanfor ein stor utandørskonstruksjon på toppen av Holmenkollen.
Bok ¿ Ein nordlending med brei pensel Karl Erik Harr gjer opp rekneskap for eit usedvanleg flittig liv.
Bok Angsten ved straffesparkmerket Når ein skjønnlitterær forfattar fortel om avgjerande augneblinkar i verdas vakraste spel, blir resultatet bra.
Bok Om å kontrollera ei tidlegare krise Wienerkongressen fungerer godt som både realpolitikk og såpeopera.
Aukrusts todelte verd Anders Heger har sett saman ein jubileumsantologi som gjev godt oversyn over Aukrust-verda.
Eit kinderegg av ei religionskritisk bok Komikk og alvor pregar boka om ei radikal religionskritisk gruppe som kan hende er på veg mot solnedgangen.
Bok Ei samisk klassereise Per Lars Tronstad har skrive ei samisk historieforteljing sett gjennom livet til ein sentral aktør.
«For i bakvendtland, der kan alt gå an» Øystein Kvamme Skjæveland skriv om eit skulesystem der lærarar vert underordna elevar – og byråkratar.
Bok Ein samisk Eilert Sundt – og ein Snorre Erindringer presenterer og forklarer to nordsamiske tekstar som gjev bakgrunn for Kautokeino-opprøret.
Bok Naturalistisk nasjonalromantikar Tone Klev Furnes trekkjer fram at Adolph Tidemand òg kunne visa dei mørke sidene i den norske folkesjela.
Gaukunge og trekkfugl Aage Storm Borchgrevink har skrive ei grundig historie om Statoil innpakka i dramatisk såpeoperaform.
Før hurtigruta og containerskipa Nytt museum stiller ut historia om jektefarten mellom Nord-Noreg og Bergen.
Bok Den forsvunne pølsemakaren Torgrim Eggen har skrive ein suverent fortald biografi om ein mindre suveren «draumesjåande» forfattarar.
Bok Ibsens verdshistoriske oppgjer med utopisme Inge S. Kristiansens analyse av Kejser og Galilæer stør langt på veg Ibsens eige syn på verket.
Bok Ut på tur med ein som aldri snur Boka om Lars Monsen er ei noko hagiografisk, men drivande god forteljing om ein urmann.
Kunst To paneuropearar Er utstillingar av Tor Kvarv og Adelsteen Normann prov på at Bodø fortener å vera europeisk kulturhovudstad?
Bok Dit. Og attende igjen. Erling Kagge kjem med eventyrvettreglar for eventyrarar og andre, både for turen og for returen til kvardagen.
Bok Nok eit angrep på sekulariseringa Om korleis vestleg sivilisasjon berre kan reddast av at trua vert fornuftig og fornufta kristen.
Bok Om kjeldene til religionsfridom Robert Louis Wilken skriv ikkje heilt overtydande om påstått kristen toleranse.
Bok Eit avgjerande møte Matthew Stewart har skrive ein bladvendar om den gong metafysikk spela ei rolle i frigjeringa av vår moderne tid.
Kunst «Skjønnheten tilintetgjør trivialiteten» Sverre Bjertnæs, Noregs kan hende mest postmoderne kunstnar, kan hende også den beste av dette slaget, ser seg attende og finn seg sjølv – i dei andre.
Bok Geniet bak anlegget 150-årsjubileet for Gustav Vigeland vert markert med ei ny utgåve av Tone Wikborgs store biografi og ei internasjonaliserande utstilling.
Nok ei avsløring av familieløyndomar Roy Jacobsen inviterer til spørsmål kring forlagspolitikk og sjanger.
Kunst Framifrå russisk kunst Gå ikkje glipp av utstillinga med russisk kunst før Lenin og Stalins sosialrealisme på Munchmuseet.
Kunst Modernisme og land, hand i hand Om korleis bygdekunst gav inspirasjon og identitet til norsk modernistisk målarkunst.
Historia om Baksaas Jon Fredrik Baksaas har skrive forteljinga om korleis Telenor har gjeve Noreg og verda så mykje godt.
Gløymd austlandsmålar henta fram Narve Lid gjev ei faktabasert kartlegging av Jacob Gløersens omflakkande liv, med gode illustrasjonar.
Bok Konfirmasjonsgåve til Ingrid Alexandra Bjørn Magnus Berge har valt ut 58 kongelege nyårstalar, med forklåringar.
Ein tidleg dekorativ art deco-målar Munchmuseet viser oss den «franske» Per Krohg, før han kom heim att.
Eit overflodshorn Håkon Bleken vert feira med ei overflødig bok, men òg med eit overflodshorn av ei utstilling.
Bok «Slik blir du et ukeblad» Medieforskarane Martin Eide og Christine Myrvang har skrive om Dagbladets reise inn i dataalderen.
Bok Om å verta professor Gjenopplivinga av boka En Professor. Fortælling skjer på tvilsame premissar.
Kunst Kunsten å aldri finna seg sjølv Bleken viser oss 70 års utvikling hos seg sjølv og i kunsthistoria.
Bok Dreiebok til TV-serie Alle skal ned er innsideforteljinga om eit parti utan politikk, men med harde maktkampar.
Bok Forteljing om eit sjølvmord Steffen Kverneland tek i bruk eit stort register til å fram-kalla medkjensle og frykt. Og forsoning.
Kunst Høveleg siste utstilling for Nasjonalgalleriet Harald Sohlbergs fargesterke kvelds- og nattlandskap er som symbol for menneskesinnet.
Bok Rolf Nesch: Kunst og lagnad Eivind Otto Hjelle gjev eit godt oversyn over særleg kunsten til ein pioner innan moderne grafikk og materialbilete.
Bok Ferdaminne frå Austerrike Pål Veiden fortel seg på kryss og tvers gjennom eit land som trass alt har eigenskapar.
Bok Partsinnlegg om Lie og Israel Odd Karsten Tveit skriv om korleis ein generalsekretær braut FN-statuttane for å hjelpa sionismen.
Bok Då dei kristne byrja å drepa kvarandre Rubenstein fortel historia om ein avgjerande teologisk strid på 300-talet: arianismens nederlag.
Kunst «Til deg, du Hei og bleike Myr» Kitty Kielland – fri luft er ei stor utstilling av Kitty Kiellands kunst, der særleg «Torvmyr»-bileta er interessante.
Bok Kaffibordbok om vestlandsnaust Boka om sjøhus langs kysten byd på vakre bilete av slitne båthus i godvêr.
Bok Då Grieg vart nasjonal institusjon og ikon Reisebrevet frå vegen til Trollhaugen gjev oss eigentleg ikkje mykje ny kunnskap.
Bok Ånda sigra over sosial-demokratiet og alkoholen Peter Norman Waage gjev ei imponerande oversiktleg framstilling av det imponerande produktive livet til forfattaren André Bjerke.
Bok Forhistoria til Churchill-filmen Nicholas Shakespeare skriv om korleis nederlaget i Noreg, og debatten om det, gjorde Churchill til statsminister.