Den tysk-austerrikske litteraturveka
Ein omsetjar gjev oss bakgrunnen for tolkingar og omsetjingar.
Omsetjaren Sverre Dahl på ein wienerkafé.
Foto: Solum Bokvennen
Kunne ein seia at Sverre Dahl er the grand old man blant norske omsetjarar? Nei, sjølvsagt ikkje. Å bruka ein slik anglisisme ville vore ei fornærming ikkje berre mot Dahl, men mot eit heilt laug. Men korleis skulle ein omsetja dette uttrykket «grand old man» til norsk? Ikkje «stor gamal mann», slik Google foreslår. Så dette seier noko om dei utfordringane omsetjarar får, og kvifor vi enno ikkje kan erstatta dei med robotar.
Men kva skulle vi då seia om Dahl? Som sant er: at han er ein litteraturhistorikar med doktorgrad på ei avhandling om Hermann Broch, men først og fremst omsetjar, særleg av tyskspråkleg skjønnlitteratur, med meir enn 160 slike omsetjingar bak seg, og høgt verdsett gjennom tildeling av ei mengd norske, tyske og austerrikske prisar. Såleis ein framståande representant for ei gruppe kulturarbeidarar som vanlegvis ikkje får den merksemda som han har fått, men som dei burde fått. Kor ofte les vi ikkje meldingar av omsette bøker der omsetjaren ikkje vert nemnd? Eller vurdert skikkeleg? Det er vel elles opplagt at innsatsen til ein omsetjar ikkje berre handlar om å gjera innhaldet i ei bok på eit framandt språk tilgjengeleg for oss som ikkje skjønar språket. Like mykje handlar det om å utvida vårt eige språk. Tenk på kva som hende med det tyske språket då Luther sette om Bibelen! Dette gjeld like mykje for omsetjingar frå språk vi alt kan, anten det er skjønnlitteratur eller saksprosa. I Noreg kan dei fleste tilstrekkeleg engelsk til å lesa engelske bøker. Likevel omset eller burde vi omsetja slike til norsk. For å gjera vårt eige språk sterkare.
Kulturell horisont
Som vi skjønar: Ein omsetjar må ikkje berre kunna lingvistikken til dei to språka det vert omsett mellom. Omsetjaren må kunna alt det som Google-omsetjaren ikkje kan, nemleg heile den kulturelle horisonten til dei to språka, i veksande sirklar kring teksten: Nærast dei andre verka av forfattaren, så litteraturen og politikken i samtida og til slutt heile historia til nasjonen og språkområdet som forfattaren kjem frå.
No har Dahl gjeve ut ei slik omsetjarens bakgrunnsbok der han tilbyd slike sirklar av forståing som han sjølv har brukt kring bøker han har omsett av nyare austerrikske modernistar (Wien) og tyske klassikarar og romantikarar (Weimar). For rett nok er tekstane i boka alt publiserte som innleiingar til konkrete verk Dahl har omsett, eller dei byggjer på slike, men når dei no kjem ut i ei slik samling, utvidar dei saman forståinga kring alle desse. Det einaste eg er kritisk til når det gjeld heilskapen av denne utgjevinga, er kronologien: at Dahl ikkje først handsamar dei tyske klassikarane/romantikarane, for dei er vel ein forståingssirkel for austerrikarane og ikkje omvendt?
Når det gjeld austerrikarane, tek Dahl først for seg fire forfattarar frå før andre verdskrig: Robert Musil, Hermann Broch, Reiner Maria Rilke og Ödön Horváth. Dette er forfattarar mange har prøvd å lesa, men gjeve opp. Sjølv har eg forsøkt meg på Brochs Søvngjengerne, som lik Musils Mannen uten egenskaper er eit typisk germansk kjempeprosjekt, men eg gav opp. No gjev Dahl ein forståeleg bakgrunn for desse ved å skriva idéhistorisk om Det austerriksk-ungarske keisarriket, som før det var Det tysk-romerske keisarriket, og særleg om fin de siècle-kulturen på slutten av 1800-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.