Bok

Om kjeldene til religionsfridom

Robert Louis Wilken skriv ikkje heilt overtydande om påstått kristen toleranse.

John Locke grunngav religionsfridom naturrettsleg, men umedvite inspirert av Tertullian.
John Locke grunngav religionsfridom naturrettsleg, men umedvite inspirert av Tertullian.
Publisert Sist oppdatert

Dette er utfordrande tider for vår nasjonale (evangelisk-lutherske) kyrkje. Ifølgje grunnlovsendringane i 2012 er ho avskaffa som statskyrkje, men skal rett nok halda fram med å vera «Noregs folkekyrkje», direkte finansiert av staten, men på lik line med andre religions- og livssynssamfunn. Dessutan fekk Harald, ved eit konstitusjonelt kupp, igjennom at kongen framleis skal vera medlem av denne folkekyrkja. Kristendom, i heilt uspesifisert forstand, saman med ein like uspesifisert humanisme, skal dessutan vera Noregs verdigrunnlag, som gjennom Grunnlova skal sikra demokrati, rettsstat og menneskerettar.

Difor gjeld det å visa at denne kristendomen ikkje er i strid med humanismen, slik mange sekulære humanistar med kjennskap til religionskrigar trur. Ja, nokre kristendomsforsvararar er meir offensive, slike som trus- og livssynsminister Ropstad og biskopar som Nordhaug og Fiske, som går langt i å påstå at kristendomen, snarare enn sekularisme, er den opphavlege kjelda til demokrati og menneskerettar.

Tertullian

No er det nettopp publisert ei bok som kan brukast til støtte for eit slikt syn. Robert Louis Wilken er professor i kristendomshistorie ved University of Virginia, og har forska særleg på tidleg kristendom. I Liberty in the Things of God. The Christian Origins of Religious Freedom prøver han å bruka funn frå antikken i dagens debatt for å argumentera for at religionsfridom, og toleranse for andre religionar, ikkje har opphav i ei rasjonalistisk opplysningstid, men hos tidlege kyrkjefedrar, vidareført av einskilde kloke nyare teologar etter reformasjonen. Desse skal så igjen ha inspirert slike moderne forsvararar av religionsfridom som John Locke og Thomas Jefferson, som sjølv argumenterte ut frå naturrett, utan referanse til ein religiøs tradisjon. Med andre ord: ei gåvepakke til hardt pressa kristne i kampen mot dei sekulære humanistane.

Det er særleg to kyrkjefedrar Wilken byggjer på: Tertullian (160–220) og Lactantius (250–320). Båe understrekar at religion er eit spørsmål om fritt val, basert på eit indre samvits overtyding, noko som ikkje kan tvingast. Tekstene deira vert så brukte, etter reformasjonen, av (nokre få) kristne forkjemparar for religionsfridom. Tertullian seier: «Alle menneske bør ha rett til å tilbeda ut frå sine overtydingar; den religiøse praksisen til eitt menneske korkje skader eller hjelper eit anna. Religionen må ikkje tvinga på nokon ein praksis, for det er ved val og ikkje tvang vi bør leiast til religionen.» Ei god oppsummering som òg sekulære humanistar er samde i.

Gud skal døma

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement