Bok
Den nye forgiftinga av skulen
Denne gongen er gifta ikkje latin, men nyliberalisme.
Lektor Simon Malkenes har skrive endå ei kritisk bok om skulen.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Simon Malkenes vart plutseleg rikskjendis då han på Dagsnytt 18 i mars las opp ei konsentrert sakleg skildring av dei dysfunksjonelle tilhøva i klassen han hadde ved ein vidaregåande skule i Oslo (Ulsrud). Dette var ikkje populært i Utdanningsetaten i Oslo, leia av direktør Astrid Søgnen, som sette i gang føreundersøkingar for å oppretta personalsak mot han – offisielt ikkje av di han uttalte seg kritisk mot etaten og skulesystemet, men av di han krenkte elevane han skildra, sjølv om dei var anonymiserte. Dette var ifølgje Søgnen ikkje eit åtak på ytringsfridomen.
Men i april vart det kjent at det likevel ikkje vart noka personalsak. Massiv støtte i media og frå fagforeininga må ha verka. Seinare, i mai, fekk Malkenes endeleg vern ved å få Fritt Ords Honnør «for hans kritiske søkelys på manglende ytringskultur i Oslo-skolen».
Kritisk søkjelys
Men det var forståeleg at Utdanningsetaten ville ta Malkenes. Han må lenge ha vore som ein torn i auget, eller som ein klegg på ryggen, slik Sokrates ville vera. For fire år sidan ga han ut boka Bak fasaden i Osloskolen, der han gjekk til åtak på marknadstenkinga i institusjonen. No har han gjeve ut ei ny bok om det same. Der kjem det fram korleis han har plaga administrasjonen med tallause krav om å få sjå sakspapir, der avslag har vorte etterfølgde av anke til Fylkesmannen, og mange gonger med suksess for Malkenes, men med sand i maskineriet for administrasjonen. Men som skulekritikar står Malkenes i ein stolt tradisjon, frå Kielland til Bjørneboe. Skulen er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiet vårt. Det skulle berre mangla at vi ikkje helsar eit kritisk søkjelys velkomen.
Det store skoleeksperimentet inneheld eit (sjølvsagt) einsidig åtak på eit system og på personar som representerer det. Systemet er New Public Management og Konsernmodellen brukt på skulen. Personane er, for å følgja modellens ovanfrå-og-ned-system: Øvst nyliberalisten Milton Friedman, som inspirerte undervisningsministrane Gudmund Hernes og Kristin Clemet. Dinest skulesjef Astrid Søgnen, saman med ein haug med konsulentar og særleg utdanningsøkonom Hans Bonesrønning, professor ved NTNU. Under dette igjen områdedirektørar som skal halde styr på grupper av vidaregåande skuler, som i sin tur vert styrte av rektorar som alle har sverja truskap oppover i systemet. Nedst finn vi lektorar og lærarar som vert plaga av pedagogiske idear som eigentleg er uvedkommande for systemet. Ja, og det gløymde eg: Dessutan elevane, som er ein slags kundar.
Drivkrafta opp gjennom heile dette – ifølgje Malkenes – nyliberalistiske systemet er konkurranse, styrt av målbare målsettingar: Elevane konkurrerer med kvarandre gjennom karakterar, skulane gjennom testing og områdedirektørane seg i mellom gjennom å få gode skular i porteføljen sin. Dette innbyr til juks: Rektorar lèt elevane/kundane øva seg på prøvetestar og får dei dårlegaste til å sjukemelda seg under testen. Løn for dette vert gjeve i form av lønnstrinn til dei lydige. Tilsvarande er det lønsamt for rektorar å omskriva mobbing til mindre alvorlege hendingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.