Bok
Reiseskildring frå eit framandt univers?
Geir Uthaug gir ei særs innhaldsrik og utfordrande framstilling av eit romantisk kultur- og livssyn som mange, men ikkje forfattaren, trur er utdatert.
«Atalas begravelse» er tittelen på målarstykket til den franske kunstnaren Anne-Louis Girodet frå 1808.
Foto frå boka
Geir Uthaug er litteraturkritikar, poet og ein mykje feira gjendiktar av engelske romantiske poetar. Dessutan er han forfattar av to store, feira biografiar om to romantiske poetar, William Blake (2000) og Henrik Wergeland (2008). Dette gav han eit statsstipend i 2015, ei statleg investering som no har resultert i ei bok som samlar det meste av kompetansen hans. Den handlar sjølvsagt om romantisk poesi, men òg meir generelt om «kunsten, naturen, mennesket» i heile romantikken, som det står i undertittelen. Ifølge føreordet «er dette første gang romantikken får en egen presentasjon her i landet». Ikkje kronologisk som epoke, «men mer som en idé som ofte overskrider de rent historiske betingelsene.» Boka «rommer et kultursyn, kanskje også et livssyn». Tittelen er treffande: Her vert romantikken framstilt som eit separat univers, ulikt vårt.
Byrj med slutten!
Difor vil eg tilrå at lesaren byrjar med epilogen. Der får vi ei god skildring av korleis romantikken døyr, eller skil lag med universet vårt, og kvifor han no er så framand for oss, med unnatak av for slike som Uthaug, som sjølv tvillaust har dette kultur- og livssynet. Jau, oppløysing av føydalismen og den industrielle, kapitalistiske revolusjonen, med tilhøyrande klassesamfunn og – kan hende meir enn noko anna – den første verdskrigen, har skulda for at vi no «lever i en vanartet tid, som blindt etter vindingen løper», som Alf Larsen seier. Uthaugs von og prosjekt for denne boka er likevel at noko av romantikken kan importerast og integrerast i denne vanarta tida.
Rasjonalismereaksjon
Klokleg nok lager ikkje Uthaug ein enkel definisjon av romantikken. Til det er det for mykje sprik mellom romantikarane sjølve. I staden viser han oss ulike variantar gjennom tema og eksempel henta frå særleg Tyskland og Storbritannia. Men vi kjem ikkje unna eit felles historisk bakteppe som vert framstilt i Del I: Dersom 1600-talet er rasjonalismens hundreår, særleg i Frankrike, med strenge logiske deduksjonar både i dikting og naturvitskap, vert romantikken ein reaksjon der abstrakt individualisme vert konkret og emosjonelt oppsvulma. Descartes’ «Eg tenkjer» vert erstatta av Rousseaus «Eg føler», noko Del II handlar om.
I Del III får vi framstilt korleis dette gjev seg utslag i filosofi, poesi, kunst og arkitektur, der fantasi, som før berre var ein tenar for rasjonalismen, vert gjort til ein påstått genial og inspirert skapande herre som lagar sine eigne lover, like overstrøymande som naturen og Gud sjølv. Del IV handlar om korleis dette fører til ein noko høgspent psykologi med vekt på draum, kjærleik, lengt, melankoli og entusiasme. Og Del V om korleis det fører til konstruksjonar av nostalgisk kvasimellomaldersk mytologi, slik som hos Wagner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.