Bok

Verdas undergang? Berre filosofiens

Richard Rorty søkjer å overtyda oss om at filosofi er poetisk overtydande samtalar til fremje av utprøvande framsteg og håp, i staden for tidlause teoriar om det «verkeleg Verkelege».

Den amerikanske filosofen Richard Rorty.
Den amerikanske filosofen Richard Rorty.
Publisert

Cappelens upopulære skrifter er ein serie som i første omgang gjekk frå 1948 til 1972, i karakteristisk gult omslag og med uoppskorne blad. Den gong var Noreg ein intellektuell ørken, og serien, med store opplag, var eit vatningsanlegg med kjelder ute i verda. Men etter at 68-arane tok over makta, vart Noreg på nytt ein ørken, så mykje at serien altså vart nedlagd. Ein hadde jo Marx.

Etter 68-arsamanbrotet vart serien likevel teken opp att, i 1991, men karakteristisk nok i ny innpakning, som små designa paperbacks med små opplag. Slik post-68-arane, eller «the chattering class», byrja å drikka vatn frå små designflasker.

No er bok nr. 71 komen, eit posthumt utgjeve verk av den amerikanske nypragmatisten Richard Rorty (1931–2007), med opplysande føreord av Kristian Bjørkedal. Det handlar om tre samanhengande førelesingar som gjev ei god oppsummering av kva Rorty står for.

Skandaløs «vending»

Her er bakgrunnshistoria: Samstundes med at USA vart ei verdsmakt kring 1900, oppstod ein særeigen amerikansk filosofi, pragmatisme, som sjokkerte europearar med å meina slike («kapitalistiske») ting som at sanninga til ein teori vert avgjord av om han verkar i praksis («gjev profitt»).

I mellomkrigstida var pragmatisten John Dewey den mest kjende amerikanske samfunnsdebattanten. Etter at han døydde i 1952, svinga pendelen over til såkalla analytiske språkfilosofar. Ein av dei mest lovande av desse var Rorty, som i 1967 redigerte boka The Linguistic Turn, eit forsøk på ei kanonisk skriftsamling for denne retninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement