Bok

Konfirmasjonsgåve til Ingrid Alexandra

Bjørn Magnus Berge har valt ut 58 kongelege nyårstalar, med forklåringar.

Publisert Sist oppdatert

Bjørn Magnus Berge er for tida ekspedisjonssjef og sekretær for Ministerkomiteen i Europarådet. Der har han jobba tett saman med Jagland dei siste ti åra, men han har òg skrive tre bøker om politiske talar. No har han skrive ei fjerde bok om talar, denne gongen om og med dei kongelege (kringkasta) nyårstalane frå 1933 til 1990. Faktisk skal det koma ei femte bok med kong Haralds talar. Så dette er ein god søknad om Berge skulle ønskja å jobba litt høgare på rangsstigen enn eit skarve Europaråd, nemleg hos kongen sjølv.

Boka har 58 todelte kapittel, der Berge i første del av dei tar føre seg det som har hendt i året som har gått. Sjølvsagt ikkje alt, for det får ein ikkje med seg på rundt seks sider, men det som er bakgrunnen for det talen spesifikt tar opp. I andre del kjem sjølve talen, som normalt er på rundt to sider.

Rituelle talar

Eg skulle tru at dei fleste skjønar at dette vert litt enerverande å lesa seg gjennom. Held det ikkje med éin kongeleg nyårstale i året? Slike talar har primært ein rituell funksjon. Dei er ein del av «the same procedure as last and every year», slik at vi får ei avslutting på eitt år og kan innretta oss på det nye. Det er overgangsrituelle performative (utførande) ord. At dei vert sagt, er viktigare enn kva som vert sagt. Slik som i anekdoten, forståeleg i lys av alle dei ulike opningane Olav hadde gjort, om at han ein gong, då han skulle opna eit sjukehus, sa: «Hermed erklærer jeg broen for åpnet.» Sjukehuset vart likevel opna.

Samlinga av talar gjer det mogeleg å abstrahera ut mønsteret for ein rituell nyårstale. Det viser seg å ha vore merkeleg stabilt gjennom alle desse åra, sjølv om einskilde endringar langsamt viser seg. Til dømes går kongen i dei første talane rett på innhaldet, utan mottakaradressering. Det er først i 1940 at Haakon innleiar med «Kjære landsmenn!». Så vert det andre variantar, som «Til alle norske!», «Norske kvinner og menn!», «Kjære lyttere, kjære landsmenn!», «Ærede landsmenn!». Men frå 1958 er det berre «Kjære landsmenn!».

I 1981 har kongen vorte gjort merksam på at denne tiltaleforma kan bryta med likestillinga, og gjer det då klårt at han med ordlyden, som han likevel vil halda fram med, rettar seg til alle kjønn. Året etter presiserer han at ordlyden òg omfattar innvandrarar som har vorte norske statsborgarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement