Bok
Forhistoria til Churchill-filmen
Nicholas Shakespeare skriv om korleis nederlaget i Noreg, og debatten om det, gjorde Churchill til statsminister.
Nederlag i Namsos i 1940 hjelpte Churchill til makta.
Filmen Darkest Hour har nyleg vorte vist i Noreg. Han handla om då Churchill 10. mai 1940 vart statsminister, og handlinga går fram til Dunkirk, då Churchill med retorikken sin overvann alle ønske frå Chamberlain og Lord Halifax om å forhandla med dei sigerrike tyskarane. Churchill som historikar var likevel ein meister i å laga mytar om seg sjølv: Han skreiv heile tida sjølvbiografi forkledd som verdshistorier.
Men denne filmen var overraskande edrueleg og tvert imot bygd på forsking som viser at Churchills eiga forteljing var falsk, og at han sjølv vakla i spørsmålet om forhandlingar. I dette tilfellet var det sanninga sjølv som forbetra dramaturgien: I den mørkaste timen, som hos Peter, skal tvilen rå.
Men eigenleg viser filmen berre andre akt i eit stort drama, der dramaturgien i første akt er vel så interessant, men truleg for komplisert til ein film. I ei bok, derimot, og av ein forfattar som er like god skjønnlitterært som maktfagleg, til dømes ein moderne Shakespeare, hadde dette vore mogeleg. Faktisk vart ei slik bok laga omtrent samstundes med filmen. Og like faktisk er ho skriven av ein Shakespeare, denne gong med førenamnet Nicholas, ein mykje prisa journalist og forfattar av både romanar og biografiar.
Felttoget i Noreg
Dei seks minutta som tittelen refererer til, er dei minutta det tok å gjennomføra ei avrøysting i Underhuset 8. mai 1940 som gjorde det klart at Chamberlain ikkje kunne halda fram som statsminister. Avrøystinga kom i samband med ein debatt som byrja 7. mai, kjend som The Norway Debate, etter at det var klart at felttoget i Noreg var ein katastrofe. 11.000 britiske soldatar hadde vorte jaga attende til Storbritannia, medan tapstalet var 4000.
Han som sette i gang og var ansvarleg for dette felttoget, var marineminister Churchill. Likevel enda det med at han tre dagar seinare vart statsminister, der filmen byrjar. Difor resten av boktittelen: How Churchill Unexpectedly became Prime Minister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.