Dagsljoset i ei mørk verd
Historia om den kristne avisa Dagen er òg ei historie om landet vårt.
Journalist og forfattar Dag Kullerud fekk frie hender då redaktør Vebjørn Selbekk engasjerte han til å skriva ei bok om Dagen i samband med 100-årsjubileet for avisa. Eit klokt val: Kullerud skriv godt og journalistisk, frå ein vennleg, men kritisk posisjon utanfor Dagens eigen ståstad. Resultatet har vorte ei stor forteljing som, slik avisa sjølv ønskjer å gjera, vender seg like mykje til vestlandske Dagen-lesarar som til resten av landet.
Det er eit særmerke for Noreg at det vi kallar motkulturar: fråhaldsrørsla, målrørsla, bondeorganisasjonar og altså her lågkyrkjeleg kristendom, alle har vore så sterke, samanlikna med andre land, at dei har vore naturlege deltakarar i identiteten og kulturen til storsamfunnet.
Dette er eit hovudtema for Kullerud: Motkulturane, i dette tilfellet dei lågkyrkjelege som stifta og dreiv fram denne kristelege avisa Dagen, danna ikkje parallellsamfunn. Med dagens terminologi: Dei har vorte vellukka integrerte i storsamfunnet. KrF sit i regjeringa, det er framleis sundagsstengde butikkar, vi har vinmonopol, og 25 prosent nynorskkvote i NRK, og det finst to partiuavhengige kristelege dagsaviser, Vårt Land (opplag 20.000) og altså Dagen (10.000). Men Kullerud tek òg opp korleis særleg Dagen etter kvart nettopp har late seg driva inn i eit innskrenka parallellsamfunn i møtet med sekulariseringa.
Nyhendeavis
Det er tre hovudbolkar i boka: Den første handlar om då Johannes Lavik var redaktør, åra 1919–1952. Men mykje handlar òg rett og slett om familien Lavik. Far til Johannes, Andreas, var indremisjonshovding og stortingspolitikar frå Hordaland, for Moderate Venstre, saman med Lars Oftedal, men usamd med han: Andreas ønskte seg eit ope samarbeid mellom lågkyrkjelege, dissidentar og statskyrkja, medan Oftedal var snevrare oppteken av indremisjonen. Denne «allianseånda» til Andreas låg til grunn då Dagen vart etablert, rett etter at han, som ein annan Moses, døydde før han kom inn i Avis-Kanaanslandet i Bergen. Difor vart det sonen, Johannes, som ein annan Aron, som vart redaktør og førte vidare programmet til far sin. Då hadde alt (1904) ein annan Johannes Lavik, nynorskmann og fetter av den bokmålsskrivande Dagen-Johannes, grunnlagt og vorte redaktør i Gula Tidend. Ein annan fetter var Nils Lavik, grunnleggjar av KrF og partiets første stortingsmann (1933). Mor til Dagen-Johannes dreiv forresten Misjonshotellet i Bergen. Litt av ein (heilag) familie!
Kulleruds forteljing om Johannes Laviks redaktørtid gjennom mellomkrigstida og fram til 1952 (avisa gjekk inn under okkupasjonen), er i stor grad ei forteljing om korleis Lavik realiserte programmet om å kombinera det pietistisk individkristelege med det samfunnskristelege gjennom å utvikla Dagen til ei vanleg nyhendeavis for å unngå at avisa vart eit kyrkjelydsblad for indremisjonen. Ikkje minst har avisa ei stolt historie når det gjeld tilhøvet til nazismen, der ho i god tid før Hitler kom til makta, formidla presise analysar av det ukristelege i denne ideologien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.