Bok
Då Grieg vart nasjonal institusjon og ikon
Reisebrevet frå vegen til Trollhaugen gjev oss eigentleg ikkje mykje ny kunnskap.
Erling Dahl jr. og Tønnes H. Gundersen har begge i lang tid vore involverte i drift og utstillingar ved Trollhaugen, og dei har generelt bidrege til å ta vare på den nasjonale institusjonen som Noregs viktigaste komponist Edvard Grieg var og er. No har dei skrive ei bok i samband med at dei, og verda, for første gong har fått tilgang til ein bunke med 51 brev frå Edvard Grieg til vennen og pianofabrikanten Karl Hals i Kristiania.
Rett nok er det ikkje mangel på Grieg-brev. Forfattarane har rekna ut, ikkje minst ut frå portorekneskapen hans, at Grieg kan ha skrive så mykje som mellom 17.000 og 20.000 brev: om lag eitt brev kvar dag dei siste femti åra. Ein del har vorte øydelagde, til dømes av vennen Frants Beyer, av di dei var for private, men mykje er tatt vare på og er tilgjengeleg. Så kvifor laga ei bok i samband med nett desse 51 breva?
Ein viktig periode
Forfattarane meiner dei er spesielt interessante av di dei dekkjer ein viktig periode i Griegs liv, nemleg perioden frå 1877, då han etter ti år i Kristiania, frustrert over dårleg mottaking, dårleg økonomi og ikkje minst kunstnarleg tørke, forlét byen, flytta til Lofthus i Hardanger og seinare Bergen, der han i 1885 flytta inn i den nybygde Trollhaugen.
Då hadde han gjennomført store konsertturnear på kontinentet, sikra økonomien gjennom kontrakt med Peters-forlaget i Leipzig og ikkje minst vorte forlikt med Nina Grieg etter at dei i ein periode hadde hatt ekteskapsproblem. Dette har gjeve namn til boka: Fra motgang til seier.
For at vi vanlege lesarar skal forstå breva, har forfattarane gjeve oss mykje bakgrunnsinformasjon. Dei fortel om korleis Karl Hals etablerte seg som dyktig pianoprodusent, men òg som konsertarrangør i Kristiania, og om korleis han på vennskapeleg vis hjelpte Grieg med å få klaver både heime og i konsertsalar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.