Bok

Kledde landet med Aasens språk

Ferdaminne er eit litterært kaleidoskop også i dag.

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje i Telemark i 1818 og døydde på Gran på Hadeland i 1870.
Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje i Telemark i 1818 og døydde på Gran på Hadeland i 1870.
Publisert

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det skal sjølvsagt markerast med offisielle jubileumsarrangement som byrjar alt denne veka i Lillehammer. Og så går det slag i slag til slutten av november, alt i alt så mange som 55 arrangement spreidde over heile Sør-Noreg. Men ingen i Nord-Noreg, noko som seier sitt om stillinga til nynorsken i denne landsdelen.

Hovudmarkeringa er rimelegvis i heimbygda Vinje 6. april på fødselsdagen hans, samstundes med at det skal leggjast blomar på alle bautaene: i Mandal, Skien, Vinje, Oslo, Gran og Eidsbugarden. Ein kan undrast på kva Vinje sjølv ville ha sagt til all denne stasen, han som då han på Hjerkinn vart invitert til å dela bord med kong Karl 15., takka nei og heller ville eta saman med tenestefolket.

Ei markering ville han likevel heilt sikkert gledd seg over: At Samlaget, som han sjølv var med på å stifta, no har nyutgjeve prosahovudverket hans, Ferdaminne frå sumaren 1860, som paperback. Denne boka, der første delen vart publisert i Vinjes noko uregelbundne vekeavis Dølen, medan andre del kom som eige hefte, var den første store prosateksten på det nye landsmålet.

Medan Aasens grammatikk og ordbok var lingvistiske Ferdaminne frå 1848–50, der han henta ut det nye språket frå der han reiste, førte Vinje i sine ferdaminne dette språket attende til mange av dei same stadane, gjennom konkret og levande bruk av det på ting og hendingar som før hadde måtta vore sett gjennom dansk.

Her skal eg sjølvsagt ikkje skriva ei vanleg bokmelding, like lite som eg ville gjort det for andre nyutgjevne klassikarar. Snarare skal eg gje nokre kommentarar om korleis denne boka kan opplevast i dag. Ferdaminne har ei viktig verknadshistorie som førte fram til det avgjerande vedtaket i 1885 om jamstelling av landsmål og det dansk-norske språket.

Eit sjangerorgel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement