Bok

«Enn om vi kledde fjellet med dannelse?»

Ei stor og innhaldsrik forteljing om korleis dei nasjonale strategane gjorde fjellheimen til vår eigen.

Slingsby på veg opp mot toppen av Storen. Therese Bertheau og Ole Berge held tauet.
Slingsby på veg opp mot toppen av Storen. Therese Bertheau og Ole Berge held tauet.
Publisert

Rune Slagstad har bak seg ein omfattande karriere: i politikk (nestleiar i SV), forlag (redaktør i Pax og Universitetsforlaget), forsking (forskingsleiar ved Noregs forskingsråd) og akademia (professor ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus), som tidsskriftredaktør og mykje anna – så mykje at han best kan klassifiserast som det ein før kalla intellektuell, eller det filosofen Hegel ville kalla ein Geisteswissenschaftler, eller ein kulturpolitikar, altså ein som kommuniserer kunnskapen sin inn i kulturen.

Mest kjend er han for det som er hovudverket hans, mursteinen De nasjonale strategene (1998), der han skildrar Noregs utvikling frå 1814 til 1990, med bruk av Jens Arup Seips historiske kategoriar embetsmannsstaten, venstrestaten og arbeidarpartistaten, men òg med vekt på den avgjerande innsatsen til einskildpersonar, som altså vert omtalte som strategar. I 2008 kom ein oppfølgjar, (Sporten) – en idéhistorisk studie, som for same tidsrom skildrar korleis sport og friluftsliv har utvikla seg i Noreg.

No har han komme med nok ein oppfølgjar, Da fjellet ble dannet, som dekkjer same periode, og som gjer bruk av mykje av det same materialet. På dette viset må Slagstad snart kunne kalla seg sjølv ein nasjonal strateg, eller i det minste ein nasjonal metastrateg.

Oppdaginga

Tittelen på årets bok er tvitydig. Nei, det er ikkje slik at boka handlar om korleis fjella i Noreg vart skapte og forma. Eller berre i liten grad. Og heller ikkje om bergverksdrift, som jo byrja lenge før 1814. Her er det heller tale om danning i kulturell forstand: om korleis dei norske fjella gjennom kunnskap og fysisk tilrettelegging vert gjorde til ein «fjellheim», der danna menneske kan finna seg til rette og sjølve verta danna.

Det som geologane først kalla Jotunfjeldene, altså eit stort geologisk og menneskeleg framandt objekt, vert av Vinje døypt om til Jotunheimen – ein stad der både jotnar og menneske kan kjenna seg heime. Det som bønder og reingjetarar såg på som stygt og fælsleg og ei farleg hindring, vert av fjellturistane sett på som vakkert og sublimt og ein trygt T-merkt rekreasjonsarena.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement