Musikk
Sunnmøre i verda
Ålesund symfoniorkester spelar musikk av to levande og ein død.
Ålesund symfoniorkester som snart har 75-årsjubileum, har 65 medlemmer.
Foto: Johanna Veiberg / Smiilfoto
Noreg har i dag sju profesjonelle symfoniorkester. Men i tillegg er det nokre semiprofesjonelle, der landsdelsmusikarar og musikklærarar spelar. Eitt av dei fremste av desse er det snart 75 år gamle Ålesund Symfoniorkester (med 65 musikarar), som har eit godt konsertlokale i kulturhuset Parken.
Orkesteret har tatt på seg ansvaret med å henta fram lokale komponistar – men lokale berre når det gjeld fødestad og bustad, ikkje når det gjeld musikken. Dei siste åra har dette engasjementet vorte kanalisert i Ulfrstadprosjektet, der orkesteret hentar fram musikken til Marius Moaritz Ulfrstad (1890–1968), vel kjend og mykje spela i mellomkrigstida, òg i utlandet, mellom anna i Sverige under taktstokken til Karajan, og av Wiener Symphoniker i Musikverein.
Men etter krigen, av fleire grunnar, vart han gløymt, kan hende særleg av di stilen, tysk seinromantikk, med innslag av fransk impresjonisme, var umoderne. No skal det skrivast ein biografi, og ei byste skal setjast opp utanfor Parken.
Publikumsvenleg
På årets konsert, med tittelen Klangen av Sunnmøre III – Mot Arktis, vart Ulfrstads Arktisk Suite framført. Skjønt det var uklårt kor mykje dette var Ulfrstads eige verk, ettersom Ulfrestadprosjektet hadde henta fram nokre øskjer med notar og orkestrert og føydd dei inn i den opphavlege orkestersuiten frå 1928.
Resultatet var likevel høyreverdig, for suiteforma gjev rom for episodiske innslag utan direkte samanheng. Musikken var meir seinromantisk enn impresjonistisk, av og til med solistiske og folkemusikalske innslag som minte om Geirr Tveitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.