Historia om Baksaas

Jon Fredrik Baksaas har skrive forteljinga om korleis Telenor har gjeve Noreg og verda så mykje godt.

Konsernsjef Jon Fredrik Baksaas (t.v.) i Telenor møtte i den opne høyringa om VimpelCom-saka i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i 2015. Her går han forbi komitémedlemmene Hans Fredrik Grøvan (KrF), Helge Thorheim (Frp) og komitéleiar Martin Kolberg (Ap).
Konsernsjef Jon Fredrik Baksaas (t.v.) i Telenor møtte i den opne høyringa om VimpelCom-saka i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i 2015. Her går han forbi komitémedlemmene Hans Fredrik Grøvan (KrF), Helge Thorheim (Frp) og komitéleiar Martin Kolberg (Ap).
Publisert

Ein kjend engelsk nobelprisvinnar i litteratur, ja, dessutan statsminister, sa: «History will be kind to me, for I intend to write it.» Noko han gjorde i seks tjukke band. Jon Fredrik Baksaas kan ha hatt denne kloke strategien i tankane då han skreiv si eiga historie, sjølv om han ikkje nett er kandidat til ein litteraturpris, og heller ikkje har vore statsminister.

Men som (tidlegare) konsernsjef (2002–2015) i eit stort internasjonalt telekommunikasjonsselskap har han òg vore aktør i ein slags verdskrig, den som går føre seg i den grenselause kapitalistiske marknaden. Klokleg har han klart å avgrensa historia si til berre eitt band.

Fleire næringslivsleiarar burde gjera som Baksaas. Det er nok av meir eller mindre sjølvskrivne biografiar om politikarar og idrottsfolk, for ikkje å snakka om kulturtoppar. Men det er jo slike som Baksaas’ Telenor som finansierer dei.

Dessutan er boka hans interessant. Telenor var per 1. januar 2018 det nest største norske selskapet på Oslo Børs, med ein marknadsverdi på 264 milliardar, nesten halvparten av Equinor, 30.000 tilsette og 178 millionar kundar i tolv marknader i Norden, Aust- og Sentral-Europa og Asia, noko som gav eit aksjeutbytte til staten, som eig 54 prosent, på meir enn 6 milliardar. Faktisk verdas tiande største telekomfirma. Utan naturgjevne ressursar, slik som olje eller fisk. Det vert mange bokstipend av slikt.

Omlegging

Det heile byrja med Telegrafverket, som vart til Televerket, underlagt Samferdsledepartementet, men så vart det gjort til statleg aksjeselskap i 1994 under namnet Telenor og under Næringsdepartementet. Og under Tormod Hermansen, forgjengaren til Baksaas, som får eit tvitydig ettermæle i boka: Best til å handtere politikarar ved omstillinga frå statsselskap til aksjeselskap og få dei til å auka eigenkapitalen, men elles noko eigenrådig og autoritær.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement