Kunst

«Skjønnheten tilintetgjør trivialiteten»

Sverre Bjertnæs, Noregs kan hende mest postmoderne kunstnar, kan hende også den beste av dette slaget, ser seg attende og finn seg sjølv – i dei andre.

Publisert Sist oppdatert

Kunstbok

Haugar i Tønsberg er ei høgd midt i byen. Der finn ein to gravhaugar som ifølgje Snorre skal innehalda restane av to av Harald Hårfagres søner, drepne av den lite sympatiske broren Eirik Blodøks. Der finn ein òg ei førfunksjonalistisk (tidleg 1920-tal) tidlegare sjømannsskule, teikna av dei same arkitektane som laga den flotte sjømannsskulen på Ekeberg i Oslo. Men ettersom norske sjøfolk no for det meste kjem frå Filippinane, har denne sjømannskulen vorte Vestfolds – eller kva det no skal heita etter fylkessamanslåinga – kunstmuseum. Og der har direktør Jan Åke Pettersson fått i stand den eine storslegne utstillinga etter den andre. Til dømes Lars Lerin-utstillinga i 2017 og Kitty Kielland-utstillinga i 2018.

Retrospektiv utstilling

No er begge etasjane i museet fylte med ei retrospektiv utstilling av kunsten til den yngre – 43 år gamle – Sverre Bjertnæs, som midtvegs i livet slett ikkje har gått seg vill, men står fram som ein stadig meir mangfaldig kunstnar. Og ein som ikkje drep kunstnarbrørne sine på (symbolsk) Blodøks-maner, slik som er vanleg i slike krinsar, men tvert om samarbeider med dei.

Bjertnæs er fødd i Trondheim, men reiste som gåverik 16-åring til Oslo for å verta elev av Odd Nerdrum. Så skulle ein kan hende tru at han ville verta ein av fleire premodernistiske Nerdrum-følgjarar, innelåst i kunsthistoria heime hos Rembrandt, men nei.

Etter to år skifta Bjertnæs over til Statens kunstakademi, der Jan Sæther, som hadde fått ansvar for den nye lina for figurativt og tradisjonelle teknikkar, underviste utan nerdrumsk historisme. Slik viste Bjertnæs med ein gong sjølvstende: Han ville læra seg det målartekniske handverket, men bruka det til eigne føremål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement