Kunst

To paneuropearar

Er utstillingar av Tor Kvarv og Adelsteen Normann prov på at Bodø fortener å vera europeisk kulturhovudstad?

Adelsteen Normann: «Fjordlandskap». Olje på lerret.
Adelsteen Normann: «Fjordlandskap». Olje på lerret.
Publisert Sist oppdatert


Kunstutstilling


Alle byar drøymer om ein «Lillyhammer»-augneblink: Då dei vert utvalde til noko gildt, i konkurranse med andre, tapande byar. Tromsø fekk ikkje noko «the decision is Tromso» frå IOC. Men 25. september fekk Bodø augneblinken sin, og med perfekt uttale av bynamnet, då byen vart utvald av EU til europeisk kulturhovudstad 2024. Rett nok som representant for halveuropeiske byar, på kvote frå EØS og frå land som søkjer medlemskap i EU, og dessutan saman med to heileuropeiske EU-byar. Uansett skal alle tre fremja paneuropeisk kultur.

Då kan ein undrast på om denne arktiske kremmar- og administrasjonsbyen som Bodø eigentleg er, har noko å by på når det gjeld paneuropeisk kultur. Handlar det her ikkje mest om Halfdan Sivertsen og bilete av dei lokale nordlandsbåtane som Karl Erik Harr no stiller ut i eige nybygd galleri i byen? Men heldig- og tilfeldigvis (?) vart det opna to kunstutstillingar berre nokre dagar før utnemninga, som båe tyder på at det har vore og er paneuropeisme i sjølv denne byen.

Leonardo-inspirert

Tor Kvarv (1953–) har rett nok vore buande og arbeidande i Bodø stort sett heile livet: som designar, også i den opphavlege tydinga av ordet, som teiknar og som biletkunstnar. Men bortsett frå i karikaturteikningar har han aldri dyrka det lokale. Har han avbilda ein båt, har det ikkje vore ein traust nordnorsk fembøring, men ein surrealistisk skapnad, gjerne med vengjer, mest i slekt med flygande europeiske hollendarar. Kunstnarane han sjølv har late seg inspirera av, er typiske paneuropearar. Særleg Pablo Picasso. Men mest Leonardo da Vinci, ikkje berre som målar, men som komplett kulturpakke.

Årleg arrangerer Kvarv turar kring i Europa, gjennom Italia og Frankrike, i fotefara til Leonardo. Eller til Leonardo-utstillingar, der det hender at publikum byrjar å stire på han og lurer på om dei ser ein gjengangar: Det er visse ytre likskapar mellom Leo og Tor. Også indre. Det er særleg skisseteikningane til Leonardo teiknaren/designaren Kvarv er interessert i. Han lagar òg eigne skissebøker som godt kunne vore stilte ut. I tillegg har han truleg Noregs største samling av bøker om Leonardo, og endå fleire frå europeiske kunsthistorie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement