Musikk

Fire songsyklusar

Ein gamal sjanger vert fylt med nye dikt og ny musikk.

Sopranen Helga Johanne Størdal syng dikta til fleire norske forfattarar.
Sopranen Helga Johanne Størdal syng dikta til fleire norske forfattarar.
Publisert

På attenhundretalet var lieder datidas popmusikk, ikkje for ungdom, men for det vaksne borgarskapet. Desse songane skil seg frå til dømes visene til Bellmann, som høyrer heime i ein aristokratisk periode, og frå folkesongar frå ein førmoderne periode, ikkje minst ved at dei vert framførte i borgarlege stover, av ein kunstsongar, altså ein songar flytta frå operaen og inn i ein borgarheim, til akkompagnement av klaver i staden for orkester.

Tekst til ein lied kom frå samtidige romantiske diktarar, som skreiv einskilddikt med inspirerande tema og rytmikk for komponistar. Men dei skreiv òg diktsyklusar, der dikta hadde felles tema og til saman kunne laga ei forteljing. Når så komponistar sette musikk til dette, vart det til ein songsyklus som på eit vis vart eit slag kammeropera inne i den borgarlege stova.

Sjangeren vart særleg utvikla i Austerrike og Tyskland gjennom 1800-talet, av Beethoven, Schubert, Schumann og Wolf. Mahler erstatta klaveret med orkester. I Noreg laga Grieg åtte songar frå Haugtussa. Utover på 1900-talet har sjangeren vorte sjeldnare brukt, særleg av di «klaverborgarskapet» døydde ut, medan diktarane hadde vorte modernistar som skreiv utan mykje rytmisk musikk i dikta sine.

Dikt og musikk

No har fire norske komponistar vorte kopla saman med fire norske diktarar og to utøvarar – ein klassisk gitarist og ein songar. Gisle Kverndokk har laga musikk til tre dikt av Catherine Blaavinge Bjørnevog, som skriv på eit poetisk sjølvkonstruert dialektspråk; Kjell Habbestad har laga musikk til sju nynorske dikt av Ruth Lillegraven, Ewa Serafin til fem dikt av Casper André Lugg og Marcus Paus til tre av Ulrik Farestad.

I det siste tilfellet nærmar syklusen seg Wagnersk Gesamtkunst, ettersom Farestads dikt er skrive til tre måleri av Christopher Rådlund: tre kunstslag smelta saman. Desse tre – Paus, Farestad og Rådlund – har dessutan vorte kjende som representantar for noko som vert kalla «retrogardisme», det motsette av avantgardisme. Difor er det ikkje rart at dei deltek i gjenopplivinga av ein gamal sjanger. I musikken til ein av Farestads klassiske sonettar kunne Paus til og med sitera Tristan-akkorden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement