Kunst
Modernisme og land, hand i hand
Om korleis bygdekunst gav inspirasjon og identitet til norsk modernistisk målarkunst.
«Ung pike» frå 1939 av Kai Fjell er mellom verka som er med i utstillinga «Norsk modernisme og bygdenes dekormaling».
Foto: Drammens Museum
No er det gamle Nasjonalgalleriet stengt, og ei viktig kunstscene er difor borte fram til det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta opnar i 2020. Men når katta er vekke… Rett nok er Kode-musea i Bergen sure av di Nasjonalmuseet stikk av med så store budsjettmidlar. Men andre, mindre og lokale kunstmuseum, som uansett ikkje mistar pengar til Oslo av di dei er finansierte av fylka, kan gleda seg og eit kunstinteressert publikum med gode utstillingar som lett kan vitjast frå Oslo: Haugar i Tønsberg, truleg Noregs flottaste museum når det gjeld bygning og plassering, har gåande ei utstilling av Espen Didrichson. Drammens Museum har på si side har laga ei såkalla dialogutstilling, noko som er populært for tida, særleg på Munchmuseet, der tvilsame samanstillingar vert presenterte. På Drammens Museum er derimot samanstillinga både relevant og opplysande, i tillegg til at dei einskilde utstilte objekta er interessante og med eigne estetiske kvalitetar.
Tredje hovudperiode
I Drammen handlar det om det vi kan kalla den tredje hovudperioden i norsk kunsthistorie. Den første er nasjonalromantikken, der norsk natur vart måla inne i atelier i Tyskland, etter skisser teikna på vitjingar i det idealiserte Noreg. Den andre, frå 1880, er (gullalder)naturalismen, som kan slå over i nyromantikk, med utandørs staffelimåling av landskap og bondekultur i sjølve Noreg.
Den tredje er den franskinspirerte modernismen som gjeld frå mellomkrigstida til utpå 1950-talet. Dette var ein stil som i utgangspunktet var internasjonal. Men det påfallande ved han i Noreg var at medan hovudinteressa no snur seg frå avbilding av landskap og bondekultur til sjølve målingsprosessen og konstruksjonen av biletflata, så tek samstundes dei norske modernistane bondekulturen inn i heimane sine: skåp, kister, drikkekar, mangletre og så bortetter. Og i nokre tilfelle tek dei heile hus inn på tuna sine.
Eller som i eit døme representert på utstillinga: Kristen Holbøs kunstnarheim som vart fylt av nylaga bondemøblar, mange skorne ut av han sjølv. Eit anna døme på utstillinga er eit gamalt bondeskåp der Kai Fjell har måla dei to øvste dørspeglane.
Denne integreringa av bondekunst i modernismen har hatt som funksjon å gje inspirasjon både for symbolikk og meining, og for målingsprosessen, som slik skal få ein spesifikk norsk karakter. Ein kan tenkja seg at dette har noko å gjera med tap av identitet i mellomkrigstida, som følgje av aukande industrialisering og arbeidskonfliktar, og fråflytting frå bygda og konkursane der. I musikken fekk vi ei tilsvarande utvikling, der modernistiske komponistar som Geirr Tveitt, Ludvig Irgens Jensen, Eivind Groven og David Monrad Johansen tok opp folkeelement og norrøne tema i musikken sin. Den siste vart nazist under krigen, utan at dette var nokon hovudregel. I litteraturen finn vi både Trygve Gulbranssen og Knut Hamsun, der sistnemnde støtta nazistane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.