Den subjektive sanninga

Tom Wolfe fornya journalistikken og skreiv litteratur på høgaste nivå.

Portrettfotografi av Tom Wolfe frå 1986. Den kvite dressen var eit varemerke for Wolfe.
Portrettfotografi av Tom Wolfe frå 1986. Den kvite dressen var eit varemerke for Wolfe.
Publisert

På forsommaren i år døydde Thomas Kennerly Wolfe jr., betre kjend som Tom Wolfe, 88 år gamal. Han var ein amerikansk forfattar og journalist, og slik Johnny Cash var kjend som «the man in black», var Wolfe kjend som ein som alltid, sumar som vinter, på poserande vis var ikledd kvit dress og kvite sko. Han hadde til og med kvitt interiør i Cadillacen sin. Det var ei uskuldig form for aggresjon, meinte han sjølv, som gjorde at han stakk seg ut som ein utanomjordisk skapnad når han spaserte på Broadway.

Han kom frå sørstaten Virginia, der gentlemen gjekk i kvite klede om sumaren, men budde heile livet i nordstatane. Wolfe tok ein doktorgrad i USA-studiar ved Yale, der han lærte seg sosiologi og vart kjend med Max Webers teoriar, noko han brukte i journalistarbeidet sitt, og hamna i New York, ein passande utanomamerikansk stad for ein som han.

Sanning og fiksjon

Det kan vera spesielt passande å minnast Wolfe som journalist i desse dagar når president Trump utpeikar journalistar som statsfiendar. For som journalist har Wolfe spelt ei sentral rolle frå 1960-talet av som ein av grunnleggjarane av det som vart kalla nyjournalistikk, ein stil eller ei form som var på moten fram til 1980-talet. Han var viktig for denne journalistikken både som teoretikar og som praktiserande.

Som så mykje anna med prefikset «ny» var denne forma sjølvsagt ikkje noko heilt nytt. Nyjournalistikken var berre ei av fleire former for journalistikk, men på 1960-talet vart han i somme krinsar i USA utpeika til den beste måten å realisera føremålet til journalistikken på. I tillegg skulle han erstatta den gamle realistiske fiksjonsromanen ved å nytta subjektive litterære teknikkar. Så var ikkje slik journalistikk byrjinga på det Trump kallar «fake news»? Eit slag dikting?

I prinsippet var det heilt motsett: Det som i dag vert skulda for å vera «fake news», er «vanleg» journalistikk der journalisten gjer seg usynleg i rapporteringa for å gje inntrykk av at framstillinga er nøytral og objektiv, sjølv om ho inneber både utval og skildring styrt av verdiane til journalisten. Max Weber legg tvert imot vekt på at ein forskar skal gjera dei subjektive verdiane sine kjende. Nyjournalistikk legg på si side ikkje skjul på at journalisten skriv ut frå eit subjektivt perspektiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement