Bok

Dreiebok til TV-serie

Alle skal ned er innsideforteljinga om eit parti utan politikk, men med harde maktkampar.

Nestleiar i Ap Trond Giske, partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik då dei heldt pressekonferanse etter sentralstyremøtet i fjor haust.
Nestleiar i Ap Trond Giske, partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik då dei heldt pressekonferanse etter sentralstyremøtet i fjor haust.
Publisert

Helten for alle undersøkjande journalistar er Bob Woodward. I år har han utgjeve ein «kvartalsknusar», Fear, om det indre livet i Trump-administrasjonen, basert på anonyme augevitne. Ettersom boka underbygger Trump-kritiske førestillingar, har norske meldarar ikkje stilt spørsmål med bruken av slike kjelder i boka. Woodward har ein altfor høg status til det.

Slik status har ikkje dei to VG-journalistane Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård. Arbeidarpartiet kan heller ikkje samanliknast med Trump. Når dei to no har skrive ei bok om Aps annus horribilis frå 2017 til 2018, kan dei ikkje rekna med at alle vil ta det som står der, for gitt. Tvert om har dei fått kritikk for det Woodward sleppte unna med, at dei brukar anonyme kjelder. Vi kan jo ikkje etterprøva om utvalet av kjelder er nøytralt. Er det mest Tajik-vennlege kjelder som vert brukte?

For oss andre er boka i alle fall underhaldande litteratur, drivande godt skrive i tydinga at ho er ein «bladvendar», sjølv om vi veit korleis det går. Woodward (og Bernstein) opplevde å få filmatisert Watergate-boka si, og det same kan vel henda med den siste boka, truleg med Alec Baldwin i rolla som Trump. Skarvøy og Melgårds bok, på si side, kunne eigna seg utmerkt som dreiebok til ein norsk TV-serie, av same slag som House of Cards. Også Arbeiderpartiet. Alle skal ned handlar om taktiske maktkampar – og litt om sex. Altså nett det TV-seriar skal innehalda. Det er berre å byrja med auditions for å finna kven som skal spela Giske og Tajik og Støre, dei tre hovudrollene.

Todelt

Boka (og den mogelege TV-serien) er todelt: første del fram til valnederlaget hausten 2017 og dinest #metoo-perioden fram til ut på nyåret 2018, då Giske miste makta. Hovudtemaet i første del er førebuingane fram til valet. For Ap, og ikkje minst Støre, var tanken på nok eit valnederlag, sjølv om det var Jens som tapte det førre, noko som framkalla paniske reaksjonar. Å sitja att på bakken med klipte vengjer og sjå på at dei andre flyg, er ikkje triveleg for ørna blant norske parti. Boka skildrar korleis ei leiing, der særleg sjølve leiaren, Støre, fortaper seg i taktiske spekulasjonar som spreier seg forvirrande ut i spinndoktorkorpset som snart sjølv går i spinn: Kor mange milliardar må ein ikkje seia at ein vil leggja på det borgarlege skattenivået for ikkje å skremma vekk veljarar? Dessutan er leiinga plaga av gamalt agg mellom dei to nestleiarane. Utan ein tydeleg øvste leiar kan desse to køyra sine eigne løp og byggja opp eigne nettverk. Til sist tapar dei alle valet, og «går ned», utan at nokon vil ta ansvar for det, særleg ikkje Giske, som var valkampleiar.

Andre del handlar om korleis #metoo blandar seg inn i den pågåande maktkampen. Giske har, ifølgje Tajik, eit gutepubnettverk som ho som kvinne og muslim ikkje kan ta del i. Men så får ho hjelp frå Hollywood og #metoo og varslarar som hentar fram historier som kan tyda på at Giske har brukt maktposisjonen sin til å pressa seg på unge kvinner. Frå no av liknar forteljinga litt på ein klassisk tragedie, men berre litt, for Giske vert ikkje framstilt særleg sympatisk, som ein vi lett får medynk med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement